Photo: Hallingdal Museum

Dokken gård, Sudndalen - bygninger

I 1732 skreiv eigaren av nordre Sudndalen, Gudbrand Bjørnson, om "den rødning og bygning som Erik Pedersen haver rødt og bygd i den lille hauge som beliggende i mellom min gård Sudndalen (Gudbrandsgard) og søndre Skaregård" (det seinare Sveingard). Den "lille hauge" (hage) var Dokki.

Eigarene av Dokken har sidan vore:

Frå 1770: Knut Person søre Skøro (Sveingard) - Dokken, f. 1750 d. 1833, g. 1775 m. Guri Knutsdtr. øvre Skøro, f. 1752.

Frå 1795: Ola Ellingson Villand - Rue - Dokken, f. 1762 d. 1824, g. 1. gong 1787 m. IngebjørgPlsdtr. Torkjellsgard, f. 1764, d. 1792 g. andre gong 1794 m. Sigrid Eiriksdtr. Verpe f. 1771. Han selde Dokken til sonen Elling.

Frå 1811: Elling Olsen Dokken, f. 1789 g. 1812 m. Birgit Larsdtr. Fossgard, f. 1791 d. 1834.

Frå 1835: Torstein Hermannson Nedrejorde - Dokken, f. 1801 g. 1835 m. Margit Olsdtr. Dokken - Halvorgard, f. 1807, d. før 1865.

Frå 1866: Ola Torsteinson Dokken d.e., f. 1836, d. 1912. g.m. Mari Eiriksdatr. nørdste Larsgard, f. 1841, d. 1917. Ola kom i økonomiske vanskar, det var litt fram og attende med omsyn til eigarar, men i røynda dreiv han garden til sonen Ola overtok i 1896.

Frå 1896: Ola Olson Dokken, f. 1872, d. 1913, ugift. Han vart sjuk og selde garden til syster si, Margit.

Frå 1913: Margit Olsdtr. Dokken, f. 1877, d. 1951, g. 1917 m. Johannes Halvorsen Myren, f. 1891 d. 1962.

Frå 1959: Hol kommune

Ola Ellingson Villand - Rue - Dokken og kona Sigrid Eiriksdtr. flutte til Dokken i 1795. Husa stod då nede ved vegen. Ola flytte garden opp, og bygde husa som står på garden enno.

Dette er stutte utdrag frå "Folk og fortid i Hol" av Lars og Sigurd S. Reinton. I bind V, side 582-595 står soga om Dokken i Sudndalen frå 1732 til 1959.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to