Part of exhibition
History
-
-
Låven vart mellom anna brukt til oppbevaring av korn og fôr til dyra. Dei hadde som regel ein midtbolk, som låvebrua førde inn på. I denne midtbolken treska dei kornet med tust (to stavar av ulik tyngd festa saman, som ein brukte til å slå kornet ut av aksa).
Når dei hadde treska kornet reinsa dei det på ulike måtar. Fyrst blei kornet sålda, og såldet var eit rundt eller firkanta kar med fletta botn/botn av tynne fjøler med hol i. Når såldet blei rista, fall kornet gjennom, medan halmstubbar og liknande blei liggjande att. Ytterlegare reinsking blei kalla for drøfting. Då vart ein del korn tatt opp i eit lett trau, kalla drøftetrau eller dryftel. Den som skulle drøfte stilte seg i låvedøra, der det var litt trekk, kasta kornet i vêret gjentatte gonger slik at støv og anna bles bort, mens kornet då fall ned i trauet igjen. Ein annan metode for reinsking var kasting. Reiskapen kunne ha fasong som eit feiebrett, og vart kalla kasteskovel, kastefjøl eller liknande. Den som skulle kaste kunne til dømes sette seg på ein låg krakk ved låvedøra med ryggen mot rommet. Vedkommande tok litt korn i skovelen og kasta det bakover skuldra og innover låvegolvet. Agner (dekkblad rundt småaks og blomster på grasplanter) fall ned like bak ryggen, medan det tyngste og beste kornet flaug heilt inn til motsett vegg. Dette blei brukt som såkorn og til grautmjøl. Det nest beste kornet, som landa framfor låveranda (den inste), blei brukt til flatbrød. Lettkornet (småkornet) blei ofte brukt til fôr, men i dårlege år kunne det brukast til mat.
På den eine sida av midtbolken fann ein brøtet med kornløa, kor kornet blei oppbevara før det blei treska. I Dokken finn ein dette til venstre i andre etasjen. Til høgre for midtbolken (både i fyrste og andre etasje) fann ein fôrløa, kor ein oppbevara høy.
På nokre låvar fann ein òg skjykju på kvar side av låvebrua, ofte med inngang frå låvebrua. Dette var tilbygg, for å gjere låven breiare. Dette tilbygget kunne fungere som ein skåle, altså stad til å oppbevare veden. Rommet under treskelåven vart kalla underlåven. På låven er årstalet 1797 skore inn.
-
Classification
-
- Museumsbygninger (Outline - Arkiv, bibliotek, museum) OU 217.5
- Kornproduksjon (Outline) OU 243
- Uthus (Outline) OU 343
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier DOKKEN-bygning 4 Låve
- Part of collection Hallingdal Museum
- Owner of collection Stiftelsen Hallingdal Museum
- Institution Hallingdal Museum
- Date published November 6, 2015
- Date updated March 21, 2024
- DIMU-CODE 021055994226
- UUID 94b5051d-9eae-4f9e-ad91-dd42667a7edc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».