Stiftinga Hallingdal Museum er eit kulturhistorisk museum for Hallingdal med 124 kulturhistoriske bygningar og 33 000 gjenstandar fordelt på 7 besøksstader i Hallingdal. Samlingane inneheld byningar, gjenstandar, tekstilar og foto frå perioden 1300-2020.

Månedens gjenstand

Månedens gjenstand for mars viser vi et barberhøvelsett fra 1920-tallet.

Barberhøvelsett med barberhøvel i merket «Valet» med ekstra barberblader av forskjellige merker, to instruksjonsbøker og infolapp i tillegg til annet tilbehør. Barberhøvelen var produsert av selskapet AutoStrop Safety Razor Co i USA. Den ble patentert i 1923 og var i produksjon fram til 1930. I 1930 ble selskapet kjøpt opp av Gillette Safety Razor Company, ifølge The New York Times (16.okt. 1930).

Settet kan også sees i butikken til Hallingdal Museum Nesbyen.

Artikler

Sist publiserte objekter

Fotosamlingen Hol Bygdemuseum

Aktuelle utstillinger

Hol Bygdemuseum - bygninger. I Hol var bonden og kulturberaren Sander Røo (1816-1892) den fyrste som tok til å samle gamle ting, og sende dei på musea for å berge dei for framtida. I åra 1859-69 sende han ei mengd ting til Oldsakssamlingane ved Universitetet i Oslo (no Kulturhistorisk museum). Deretter tok musea til å kjøpe opp, fyrst Nordiska Museet i Stockholm. Det var òg private som tok til å fara kring, for å kjøpe inn og selje att, heldigvis mykje til musea. Kunstindustrimuseet i Oslo har litt frå Hol, Bergens Museum, Drammens Museum og Hallingdal Folkemuseum på Nes har òg ein del frå Hol. Mest finn ein på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Fleire stover i Hol er seld ut av bygda til private. For å berge den gamle rosemåla loftstova i Nestegard i Hovet, og for at stova skulle bli byrjinga på eit Hol Museum, vart ho kjøpt opp av Lars Bry og Sigurd Reinton (Folk og fortid i Hol, s. 700-701). På eit møte 8. november 1914 vart det skipa eit privat lag av menn, med det føremålet å få i stand eit museum for Hol. Litt seinare vart det vald eit styre: Lensmann O. Steenson (formann), Ola O. Reinton, søre (nestformann), Sjugurd Nestegard, Henrik Øvrejordo og Knut Øyo. Etter at Sigurd Reinton og Lars J. Bry hadde seld den rosemåla stova frå Nestegard til museet for 2000 kr, vart dei òg med i styret. I møte 25. februar 1917 blei desse husa gjett til museet: • Eit stolphus på Øvre Myhre, gjett av Sven Steensen. • Eit fjøs på Øvrevold, gjett av Ole P. Halsteinsgård. • Ei smie på Sletto, gjett av Halvor J. Berg. • Ei badstove på Nerol, gjett av Ole A. Nerol. I tillegg stilte kyrkjesongar Sigurd Reinton, O. Steensen, Lars Villand og Sven H. Berg ein del gjenstandar til rådigheit for museet, så snart dette blei ferdig. I same møte vart det bestemt at ein skulle velje 3 menn som snarast skulle forhandle med Henrik E. Løite, om å få kjøpe samlinga han hadde av gamle gjenstandar og ei gamal rosemåla stove på Løite i Ustedalen. Dei 3 mennene var Sven Steensen, Lars J. Bry og O. Steensen. Det vart einigheit med Løite, og ein skulle få kjøpte gjenstandane for 4500 kr. I tillegg til gjenstandane frå Løite, skulle ein òg få kjøpe den vesle, rosemåla Raunsgardsstugu (Hallingdalens historie, s. 74-76). Museumslaget fekk seinare fleire hus og einskildting som gåver. Mellom anna: • Ei stove frå Sveingard, gjett av verkseigar Nils Chr. Berg. • Ei stor og verdifull privatsamling av gjenstandar, gjett av Halvor Berg og kona. • Mange ting som vart gjett av holingen Tollef G. Myhre i Drammen. Mellom anna ei samling over på over 600 gamle myntar og nokre medaljer. • Ulike gamle klede, gjett av postopnar Tollef Sundre. Museet kjøpte etter kvart loftet frå garden Ovavoll i Hovet, av Pål Hallsteinsgard som gav ein del av kjøpesummen. I tillegg vart eit låvehus frå søre Trøgaton kjøpt inn. Størsteparden av pengane til innkjøp kom ved gåver og ved løyvingar frå bank og kommune, i tillegg til at museet fekk statstilskot (Folk og fortid i Hol, s. 700-701). Hovudtanken til styret var fyrst og fremst å samle eit fullt sett av gamle hus, som kunne vise korleis ein gard i Hol såg ut i eldre tider, og samstundes forsyne desse med nødvendig lausøyre – som helst skulle stamme frå same tid (Hallingdalens historie, s. 74-76). Etter kvart fekk ein tak i ei vakker tomt til museet i skogen sør for Hagafoss, ved den nye kyrkja. Oppbygninga gjekk føre seg under leiinga av arkitekten H. Vreim frå Riksantikvariet. O. Steensen stod som formann i museumsstyret til han fall frå i 1942. Styret har elles vore Sigurd S. Reinton, som etter kvart leia arbeidet, Lars Bry, Ola P. Hallsteinsgard (d. 1939), Nils Sveingard, Henrik Øvrejordo og Asbjørn Tufto. I 1942 fekk laget 600 kr av staten for å katalogisere, og dette arbeidet vart gjennomført av Magister Ragne Bugge Schmidt, frå Kristiansand (Folk og Fortid i Hol, s. 700-701).

Hallingdal Museum - Bygningene

Om Hallingdal Museum

Stiftinga Hallingdal Museum er eit kulturhistorisk museum for Hallingdal med 124 kulturhistoriske bygningar og 33 000 gjenstandar fordelt på 7 besøksstader: Hallingdal Museum Nesbyen, Gol Bygdemuseum, Hemsedal Bygdatun, Ål Bygdamuseum, Dagali Museum, Hol Bygdemuseum og Dokken Fjellgard. Gjennom ulike arrangement, temadagar og utstillingar legg museet til rette for opplevingar og kunnskapsformidling knytt til både eldre og nyare tid. Det er eigne opplegg for skule og barnehage.

Målet er at gjenstandane me forvaltar skal bli digitalt tilgjengelege for alle interesserte, og håpar at samlinga blir nytta til studier, undervisning og biletsøk.

Me set stor pris på attendemeldingar og kommentarar til innhaldet på desse sidene. Dersom du oppdagar feil i postane, har ny informasjon eller utfyllande opplysningar er det fint om du tek kontakt!

Inventar Kolsrudstugu, Hallingdal Museum Nesbyen Bjørn Johnsen Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Inventar Settungsgardstugu, Ål Bygdamuseum Bjørn Johnsen Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Tak Raunsgardstugu, Hol Bygdemuseum Bjørn Johnsen Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Inventar Nestegardstugu, Hol Bygdemuseum Bjørn Johnsen Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Hallingdal Museum is a part of

Share to