Part of exhibition
History
-
Loftstova i Dokken vart bygd av Ola E. Villand, som tok over garden i 1795. Stova er bygd mellom 1795 og 1799, og tidlegare riksantikvar Harry Fett (1875–1962) meinte at ho ikkje berre var av dei gildaste husa i Hol, men at ho høyrde med «blant toppene i Norges rike trearkitektur». Tømmeret i stova er uvanleg grovt, og stokkane er fint samanhogd. I veggen i aust kan ein sjå to stokkar som er kløyvd av eitt tre, dei er 10 meter lange og halvmeteren i toppen. Golvplankane inne i stova er opptil 1 alen breie (1 alen = 62,748 cm). I den eine veggen er det òg lagt to tynnare stokkar, og det blir sagt at desse vart lagt ein dag Ola var på tinget. Han skal ikkje ha vore så blid då han såg det, men dei vart liggjande likevel. Loftstova har elles to etasjar, med tre rom i fyrste og to rom i andre. Bygningen er om lag 9 meter lang, 6 meter brei og vel 4 meter høg.
Frå fyrste halvpart av 1700-talet vart det mote blant dei likaste gardane å byggje seg ei loftstugu. Ei loftstove er ein kombinasjon av loft og stove. Fyrste høgda hadde same oppbygginga som ei vanleg holingsstove, noko ein òg ser i Dokken. Ein kjem direkte inn i opphaldsrommet. Med det same ein kjem inn finn ein lokhylla til venstre, bak døra. Her plasserte dei mjølkesetnad (ulike kar til mjølk) og mat. Under hylla sto gjerne vassbyttene og grytene plassert. På langveggen (same veggen som døra) står framskåpet (òg kalla kannestol), i den nedste delen (lukka med dør) oppbevara dei gjerne mat, og i den øvste delen (opne hyller) hadde dei koppar, bollar og kanner (Brekke 2012, s. 63). Framskåpet i Dokken ber årstalet 1791 og namna til Ole og fyrste kona, Ingebjørg. Skåpet hadde han med seg frå Rue i Hovet.
Bortanfor framskåpet finn ein høgsetet eller høgsetebenken, kor bonden hadde si faste plassering. I høgsete kunne ein anten finne høgsetespegel, dekorert vegg eller i seinare tid, vindauge. Innanfor høgsetet står roskåpet (hjørneskåp). Dette skåpet hadde lås, og her oppbevara bonden mellom anna ting av verdi. Mellom anna kunne ein finne skøyte på garden, skatteboka, brennevin, tobakk, og dei få bøkene som fanst på garden, huspostill og bibelen (Brekke 2012, s. 63). På roskåpet i Dokken står: «O.E.S.D Anno 1799», altså Ole Ellingson Dokken.
Ut frå høgsetet står langbordet med fast benk langs gavlveggen, og ein langkrakk på motsett side. Den faste benken rekk bort til senga i motsett hjørne. Senga til husbondsfolket er kort og brei, og er plassert litt opp frå golvet. Det blir sagt at ein halvvegs sat og sov i senga, fordi ein ikkje skulle liggje flatt før ein låg på likskue (var død). Dei minste ungane delte sengeplass med foreldra (Brekke 2012, s. 67). Framom senga heng det ei vogge i vidjeband ned frå kruna, tverrbjelken frå langvegg til langvegg. Mellom peisen og senga var det ofte plassert ein veggfast benk, gjerne med ei skivju (klappbord festa til veggen), eller eit hengeskåp då det var på moten (Reinton & Reinton 1938). Dette har ein ikkje i Dokken, då det står eit «nyare» bord der. Deretter finn ein peisen, og ein vedomn.
Langs den andre veggen var det ofte ein veggfast benk, gjerne med ei skivju (klappbord festa til veggen) over, eller eit hengeskåp då det var på moten. Dette har ein ikkje i Dokken, då det er plassert eit nyare bord der. Deretter finn ein peisen som har rom for ved innanfor. Stova har to klevar, ein sengekleve og ein annan kleve. Sengekleven var soverommet, og arbeidsrommet, for kårfolket. Dei gamle brukarane på garden fekk bu på garden så lenge dei levde. Sengekleven kunne òg vera soverom for ungane på garden, ofte i ein skuff fylt med fôr. Den andre kleven, òg kalla mjølkerommet, blei brukt til oppbevaring av ymse ting og gjenstandar. I Dokken er begge romma innreidd med senger, truleg fordi det har vore i bruk så lenge.
Andre høgda hadde gjerne same funksjon som det vanlege loftet. Det vart delvis brukt som oppbevaringsrom, og delvis som gjesterom eller soverom. Loftet på stova har gjerne rear (svalgang) på 2 eller 3 kantar, som eit anna loft. Dette er noko ein òg finn døme på i Dokken, kor det er svalgang på 3 kantar.
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierDOKKEN-bygning 2 Setestugu-loftstugu
- Part of collectionHallingdal Museum
- Owner of collectionStiftelsen Hallingdal Museum
- InstitutionHallingdal Museum
- Date publishedNovember 6, 2015
- Date updatedMarch 21, 2024
- DIMU-CODE021055994208
- UUID0fb4d6dd-15c8-4a0a-a7e9-0557763f63f2
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».