History
-
-
HENJASANDEN Løa
Strandsitjarplassen låg ved fjorden på Hermansverk i Leikanger kommune og var ein av fleire husmannsplassar under garden Henjum. Han vart kalla Jørondstova, etter Jørond Jonsdatter Henjum, som var gift med møllar Anders Olsen Gjerde. Dei var besteforeldre til syskena Kari og Anders Henjesand, dei siste som budde her - til 1974 og 1980.
Folket på Henjasanden var husmenn med jord. Attåt gardsdrifta var Anders tønnemakar som faren, og Kari arbeidde på saftfabrikken. Museet fekk overta alle husa med møblar og innbu, slik at tunet no framstår som ein autentisk heim.
Stava står på ein tjukk grunnmur med kjellar. Ho har gang, kammers og Stove — med trapp opp til halvlemmen. Framfor gangdøra er det eit lite eldhus med open grue og
skorstein. Stova og kammerset er tømra og bordkledde, og gangen er bygd i reisverk. Alderen på stova er noko uviss, men årstalet 1784 er skore inn på beten.Eldstaden har vore i endring: Ljoren i taket tyder på at Stova opphavleg hadde røykomn. Seinare vart det nok open peis, før dei fekk jarnkomfyren som framleis står her, sjølv om dei også fekk elektrisk magasinkomfyr i 1960- åra. Stoveveggene er tapetserte med bygningspapp, og her heng familiebilete og bibelord. Over stolryggen heng kleda, Og her er radio og aviser, men verken innlagt vatn eller fjernsyn.
Fjøsen har steinvegger på tre kantar og ein tømmervegg. På det meste hadde dei fire kyr, 18 sauer og ein gris. Oppå fjøsen er løa, med låve (treskjerom) i midten, og høybrot og kornbrot på kvar side. Naustet er tømra.
Seinare vart ein ny etasje i bindingsverk påbygd som lager for tønnestavar, og då vart heile naustet bordkledd. I vedhuset er det utedo med plass til to. -
Flytting - Løa vart overteke og flytta til museet i - 1983
-
Oppføring - Truleg oppført rundt - 1800 (ca.)
-
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighet OU 241
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier DHS.552
- Part of collection De Heibergske Samlinger
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date published March 14, 2020
- Date updated March 23, 2020
- DIMU-CODE 021058548105
- UUID cadf68a2-7769-4441-8fe7-086316c6a04b
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».