De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er ei avdeling i Musea i Sogn og Fjordane, og er regionmuseum for kommunane i indre og midtre Sogn. Museet ligg på Kaupanger i Sogndal kommune.

Om De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er ei avdeling i Musea i Sogn og Fjordane, og er regionmuseum for kommunane i indre og midtre Sogn. Museet ligg på Kaupanger i Sogndal kommune. Norsk Reiselivsmuseum er konsolidert med De Heibergske Samlinger.

Samlinga inneheld omlag 50 000 gjenstandar, av desse er 28 000 katalogisert. Ein stor del av samlinga er førindustriell jordbruks- og handverksreiskap. I tillegg har museet ei stor samling gjenstandar knytt til hus, heim og personleg bruk, frå mellomalderen og fram til i dag.

I friluftsmuseet er si stor samling bygningar, dei eldste frå mellomalderen, det nyaste eit bustadhus frå 1989.

I avdelinga Sogn Fjordmuseum i Kaupanger finst ei unik samling av båtar, båtbyggingsreiskap og fiskereiskap.

Visit us

Share to