History
-
RÅSTABBURET
Stabburet låg ved fjorden Råsholmen i Høyanger kommune. Gardbrukarane i Lavikdalen åtte det i lag, og her lagra dei både gardsprodukta som skulle seljast i Bergen og byvarene kom med jektene, før dei bar eller kløvja dei heim.
Råstabburet har eitt lafta rom, med sval av stavverk framfor inngangsdøra over døra står innskrifta «Ovllof 1589 Johans Søn", noko som tyder på at huset vart bygt dette året og altså er eitt av dei aller eldste verdslege husa i Sogn.
Stabbursdøra har flatboge, altså runda overside. Ho er vakkert dekorert med seksbladroser, ein valknute og mange påsmurde tjerekrossar som skulle verna dei livsviktige varene mot vonde makter.Nemninga stabbur kjem truleg av stavbur eller stavbu, som viser til at dette ein gong var stavbygde hus som i mellomalderen ofte stod direkte på bakken.
Om ordet også heng saman med at dette er eit bur som står på kraftige trestabbar slik at ikkje mus og rotter kunne koma inn, er meir uvisst. På gammalnorsk brukte dei nemleg ordet stokka bur om stabburet.Produksjon - Ferdig oppført: 1589 (Innskore over døra)
Produksjon - Ferdig oppført: (Innskore over døra)
Gjenoppføring - Stabburet er flytta til museet: 1910 - 1914 (G.F.H)
Museet si overtaking mellom 1910 og 1914
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierDHS.533
- Part of collectionDe Heibergske Samlinger
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionDe Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date publishedMarch 13, 2020
- Date updatedNovember 18, 2022
- DIMU-CODE021058547435
- UUID122b65c7-bb34-4d42-82f4-eef859578c83
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».