History
-
-
STAVEDALSSTOVA
Denne røykstova fra Stavedal i Vik er bygd på 1600-talet, og det budde folk her til 1956. Huset har tre rom, stove, kove og gangsval, og fri gangen går det trapp opp på kovelemmen. Utvendig langs eine langveggen går det ein svalgang, og på tømmerveggen her er det rissa inn fleire båtfigurar.
Opphavleg hadde stova jordgolv og åre midt på golvet. No har ho tregolv, og dobbel eldstad, både røykomn og peis med pipe. Gjennom ljoren i det sotsvarte taket kunne røyken sleppa ut. Til jul og andre høgtider vart peisen, gavlane og beten kvitkalka. Denne dekorasjonen giorde stova lysare og viste velstand.
I stova var det opphavleg tre små vindauge, men to av dei vart i 1860-åra utskifta med storre glas. Både det massive stabbebordet og benken er skore av eitt tre. Over bordet heng ein utskoren lyseplanke med romanske slyngingar på langs og stiliserte dyrehovud i endane. Han er komen frå Geithus i Vik og skriv seg attende til mellomalderen.
For bordenden står høgsetebenken som opphavleg kjem frå Stalheim på Voss. Der hadde husbonden plassen sin, og i kråskåpet innanfor hadde han verdisakene sine. Det umåla framskapet var brukt til mat, koppar og kar som matmora rådde over.
På veggen attmed senga heng bostkastet, eit lite skåp der lusekosten og lusekammane låg. Innbuet elles viser også at stova var eit allsidig opphaldsrom. På handkverna mol dei korn til brød og graut, og på den gamle Oppstadrokken spann dei garn.Folket i Stavedal heldt på tradisjonane. Like til slutten av 1800-talet la dei kvar julaftan halm på stovegolvet, der alle i huslyden låg, i ullteppe og åkle. Og tre talglys brann heile julenatta for å verna folk og fe.
-
Produksjon - 1640 — 1650 (ca.)
Museet si overtaking: Mot slutten av 1950-åra.
-
Classification
-
- Boliger (Outline) OU 342
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier DHS.532
- Part of collection De Heibergske Samlinger
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date published March 13, 2020
- Date updated December 7, 2022
- DIMU-CODE 021058547437
- UUID fc525d0b-6f3f-45ff-afb8-c7ee19c423ef
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».