Skjelmhaug er ein av stadane i Odda der det har vore gjort funn frå vikingtida. To massive armringar av bronse vart funne i det konservator Egil Bakka i bygdeboka beskriv som ei kv ...
Skjelmhaug er ein av stadane i Odda der det har vore gjort funn frå vikingtida. To massive armringar av bronse vart funne i det konservator Egil Bakka i bygdeboka beskriv som ei kvinnegrav med prydsaker frå 800-åra. Smykkene vart funne tilfeldig ved vegarbeid i 1880-åra. Dei vart leverte til Universitetsmuseet i Bergen, og var antakeleg av dei som vart stolne under innbrotet i 2017. Før ein kunne sanera hus og foreta gravingar på Skjelmhaug, måtte heile området gjennom ei arkeologisk gransking. Saneringa av rådhuskvartalet vest tok til på byrjinga av 1970-talet.
Johannes Apold kjøpte tomt på garden Bakke i 1897 og bygde like etter. Eigedomen vart kalla Bakkadal. Huset vart liggande svært nær nordre utgang frå kinosalen då rådhuset kom i 1958, men blei ikkje rive før utvidinga av rådhuset / justisbygget omkring 1971.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».