Hovlandshuset i Brotateigen.
Hovlandshuset i Brotateigen. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Hovlandshuset

Hovlandshuset i Odda har adressa Eitrheimsvegen 20. «Lunt i ly av trauste fjelle..., Odda by er lagt» står det i Oddasongen. Men kva har det med dette huset å gjera?

Dette er eit hus som er typisk for sveitserstilen i Odda sentrum. Det har listverk og pynt i kontrastfargar og det merker seg ekstra godt ut med knekt hjørne og møne, - nesten som eit tårn, på det mest framtredande hjørnet. Sveitserstilen har sett sitt tydelege preg på mange småbyar vi kan samanlikna med, m.a. Haugesund.

I fleire ti-år har det vore frisørsalong bak hoveddøra her, og både vinmonopol og bymisjonen har hatt sin plass i nabohuset. Men Eitrheimsvegen 20 er bygd i 1909 av ein privatperson og forretningsdrivande i Odda, Martin Hovland. Hovland og kona Barbro dreiv garveri. Eigedomen har gardsnr 62, bruksnr 3 i Odda kommune. Alle hus som har gardsnr. 62, ligg på mark som har tilhøyrt garden Bakke.

Utleigehus

I huset var det fleire leilegheiter og kontor for utleige. Utleige kunne vera god butikk i tider med mangel på hus. Første tida heldt Odda tollkontor til i bygget. Tollvesenet leigde kontor og leilegheit av Hovland. Seinare er huset mest kjent som «Angunna-huset». Namnet fekk det etter Angunna Tveit som dreiv butikk med tekstiler og sytilbehør i mange ti-år før det blei frisørsalong i same lokalet. I underetasjen dreiv Olav Lægreid og etterkomarane Ivar og Inge i ei årrekke lager og engros-firma for matvarer, kaffi og anna som skulle rundt til dei mange små kolonialbutikkane som var i Odda.

Hovlalndshuset sett frå sjøsida Jan Gravdal, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Tollbetjent Lütken

Tollkontoret i Odda var underlagt Bergen tollstad dei første åra fram til 1913. Haakon Lütken var tollbetjent her. I Folketellinga frå 1910 finn vi han oppført som buande i 2. etasje i huset. Han var født den 17. mai 1882.

Song for Odda

Kanskje har Haakon Lütken blitt ekstra inspirert av å ha fødselsdag på sjølvaste nasjonaldagen? I alle fall er det han som skreiv teksten til Oddasongen. Første gong vi har funne songen på trykk er i heftet for FESTLIGHETERNE I ODDA 17de MAI 1914. Sangen heitte Sang til Odda og melodien var Ja, vi elsker dette landet. Seinare, truleg i 1929, fekk Oddasongen eigen melodi skriven av Andreas L. Eide.

17. maifeiring i eigen kommune

Odda blei ein sjølvstendig kommune frå juli 1913. Tidlegare var staden berre eit sokn og eigen bygningskommune i Ullensvang herad. 17. mai 1914 var første gong Odda feira dagen som eigen kommune. Det sette ein ekstra spiss på dagen med nyskriven song, - Oddasongen. Om Lütken var i Odda på dagen, veit vi ikkje, for på den tid var Odda oppretta som eigen tollstad og ny tollar var tilsett.

Byvandring

Her kan du gå på ei digital byvandring i Odda sentrum

Share to