Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

NVIM vart etablert i 1988 og held til i Tyssedal i Odda kommune og forvaltar det freda kraftanlegget Tyssedal kraftanlegg. Museet har store mengder foto, arkiv, gjenstandar, film, intervju frå kraftverk, prosessindustri, foreiningsliv og fritid i Hardanger.

News

3 new objects last 30 days

About Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Stiftinga Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) forvaltar 25 bygg, industriarkiv, lokalhistoriske arkiv, foto, film og intervju.

Føremål: NVIM skal samla inn og dokumentera, sikra, driva forsking og formidla historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og industristaden.
Det er eit overordna mål å syna mennesket i høve til heim, arbeidsplass, samfunn og natur. Museet skal vekkja interesse for og samla materiale om vasskraftproduksjon og kraftkrevjande industri sine verknader på samfunnet: Teknisk, økonomisk, sosialt, politisk, kulturelt og miljømessig, gjennom formidling og undervisning, mellom anna knytt til museumsanlegget i Folgefonngata.
Museet har som mål å bli eit nasjonalt senter for kunnskap og rådgjeving om norsk vasskrafthistorie, og historie knytt til kraftkrevjande industri og samfunnet ikring. Museet har og som mål å bevara, forvalta og formidla kunnskap om det nasjonale kulturminnet Tyssedal Kraftanlegg - Tysso I.

You'll find us here

Share to