Depicted
History
-
-
Modellen er laga som eit skuleprosjekt ved Odda Ungdomsskule, båbyrja i skuleåret 1990/91. Temaet var området Almerket i Odda, altså landtunga som stikk fram mellom elveosen i Opo og Oddapollen; bukta inn til botnen av Sørfjorden.
Bakgrunnen for prosjektet og produksjon av modellen, var at området Almerket hadde gjennomgått store endringar då husa vart sanerte og nye bygg og kaiar vart bygde på 1970-talet; Godsterminalen, bussterminalen, ferjekai med meir hadde fortrengt det gamle bygningsmiljøet som mange hadde eit nært forhold til.
Museet (Odda Industristadmuseum - OIM) og Odda Ungdomsskole starta innsamling av dokumentasjon om temaet i oktober 1990.Klasse 9 C ved Odda Ungdomsskule arbeidde med temaet i formingstimane og laga små modellar av ein del bygningar som hadde stått på vestre del av Almerket; altså kyrkja, området nord for kyrkja og stranda mot vest med Haukås sin verkstad, "Gurinakaien" til og med Stubberud sitt hus sør for Grand Hotel. Austre del av Almerket, mot elva Opo, er ikkje med i modellen; desse husa vart sanerte tidlegare då mellom andre Smelteverket trong meir plass for lager og transport.
Dei første husa til modellen er avbilda i Odda i manns minne, nr 6, 1993, s. 69. Der kan vi òg lesa at elevane skal til med å forma landskapet på Almerket med «fjøra, murar, båtar, vegar og grusområde». Dette arbeidet resulterte i denne fine modellen. Og på initiativ frå Randi Bårtvedt ved OIM laga Odda Plast eit kraftig deksel i plexiglas, ei gåve frå Odda Plast ved Gisle Markhus.Ei gruppe på 9 personar vart inviterte til museet i Folgefonngata 13 den 4. oktober 1990 for å fortelja og ta med fotografi. Alle desse hadde budd på Almerket i kortare eller lengre periodar. Parallelt starta Odda Ungdomsskule ved lærarane Per Patterson og Anna Kråkevik eit prosjektarbeidet om Almerket. Dei samla inn minne som òg vart tilgjengelege for Kraftmuseet (den gong Odda Industristadmuseum) og trykt i Odda i manns minne nr 6, 1993. Per Patterson hadde sjølv vakse opp i Grand Hotel ved kyrkja, og dei lånte arkivmateriale og foto frå museet og Teknisk etat / Odda kommune. Materialet etter prosjektet er oppbevart ved Kraftmuseet.
-
Produksjon - 1990 — 1993 (antatt)
gruppearbeid ved Odda Ungdomsskole
-
References
-
- Fotoreferanser I-04058 Oversiktsfoto Almerket og Odda I-05122 Grand Hotel I-01946 Odda bakeri og robåt i fjøra I-07257 Grand hotel og bygningar langs enden av Røldalsvegen I-06679 Almerket med Gurinakaien sett frå sjøen I-06483 Tolleivshuset (Tolleiv og Tolleivs-Marta, foreldra til Svein / Sven og Mikkel / Mikal Tollefsen ved Hotel Hardanger I-H0540 Odda med Almerket sett frå Freim I-02378 Odda med Almerket sett frå Freim
- Litteraturreferanse Johannes Apold: Frå dagboka: Aolmerket. Tekst frå 1947. Trykt i årboka Hardanger 2013, s. 79-99.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NVIM-05985
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published October 26, 2022
- Date updated December 9, 2022
- DIMU-CODE 0210211931077
- UUID d7192f10-f4b5-4421-821d-74297a1573f2
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».