Part of exhibition
History
-
Denne smia er frå Nordre Sletto, gnr. 40, bnr. 10, i Hovet. Smia er truleg bygd kring 1780, og er sett opp av dåverande eigar Pål Sveinson Sletto (1748-1814), i følgje Halvor J. Berg. Smia vart sett opp litt nord for stova, og det var Halvor J. Berg som i si tid gav smia til Hol Bygdemuseum, kor den vart sett opp i 1934. Smia er tømra, har jordgolv og torvtak, og er skeivt rausta.
Dei fleste gardane hadde eige smie før i tida, og den blei brukt til det smiearbeidet som det var behov for på garden. Ofte va dette reparasjonsarbeid på jarnreiskapane. Pål Sveinson Sletto skal ha vore ein flink smed, og dersom nokon var i beit for haldhakar, navrar og liknande gjekk han ofte i smia og gav dei. Han laga kister med jødning, og dørajødninga i Torjushagen bar bokstavane hans. I tillegg laga han låsar.
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHOL-bygning 14 Smie
- Part of collectionHallingdal Museum
- Owner of collectionStiftelsen Hallingdal Museum
- InstitutionHallingdal Museum
- Date publishedNovember 5, 2015
- Date updatedJune 18, 2024
- DIMU-CODE021055993451
- UUID240564f4-8d86-40af-965d-78b9e468c3b8
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».