Part of exhibition
History
-
-
Låven er frå garden søre Trøgaton, gnr. 44, bnr. 1, i Kvisla. Trøgaton blei delt i to gardar, nordre og søre, i 1756. Etter delinga hadde søre Trøgaton halvparten av låven som hadde høyrt til garden Trøgaton. Kor gamal låven er, eller om det er den same som er nemnt i kva hus dei hadde, er ikkje sikkert. Likevel kan ein på veggen i treskelåven sjå at årstalet 1769 er skore inn. Låven vart kjøpt av museumsstyret 18.06.1938 for 600 kr av Torgeir Johannesen Tragethon (1872-1948), og vart sett opp på museet i 1939.
Låven er i to etasjar og utforminga er typisk. Den har ein midtbolk, eller eit midtparti, som låvebrua fører inn på. Her var sjølve låven, kor dei treskte kornet med tust, og sidan kasta, selde og dryfte det. Under finn ein underlåven. Med to tverrveggar er fyrste høgda elles delt i forbu til venstre og kornbrøtet (rommet for loa – det utreska kornet) til høgre. Kornet som har vore her er nok mest berre bygg.
I veggen inne på låven skar dåverande eigar, Nils Jonson søre Trøgaton (f. 1723), i fleire år kor mange tønner med korn (bygg) dei fekk på garden. I 1771 8 tønner, 1772 9 tønner, 1776 12 tønner, 1778 7 tønner, 1781 9 tønner, 1790 10 tønner, 1791 8 tønner og i 1792 8 tønner. Neste eigar, Jon Nilson søre Trøgaton (1763-1844), skreiv òg inn kor stor kornavlen var i nokre år. I 1794 var den 9 tønner, 1795 12 tønner, 1796 10 tønner, 1797 10 tønner, 1798 12 tønner og i 1810 13 tønner. I 1821 skreiv dåverande eigar, Ola Aslakson Bekkjo (f. 1763), inn at kornavlinga det året var 15 tønner.
-
Classification
-
- Kornproduksjon (Outline) OU 243
- Uthus (Outline) OU 343
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HOL-bygning 07 Låve
- Part of collection Hallingdal Museum
- Owner of collection Hallingdal Museum
- Institution Hallingdal Museum
- Date published November 4, 2015
- Date updated January 12, 2023
- DIMU-CODE 021055992127
- UUID 42827D07-3B5B-41F5-A34E-24584F45D2BB
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».