Photo:
Fylkesfotograf, Bjørn Johnsen
/
Hallingdal Museum
Photo:
Fylkesfotograf, Bjørn Johnsen
/
Hallingdal Museum
Photo:
Fylkesfotograf, Bjørn Johnsen
/
Hallingdal Museum
Photo:
Fylkesfotograf, Bjørn Johnsen
/
Hallingdal Museum
Photo:
Fylkesfotograf, Bjørn Johnsen
/
Hallingdal Museum
Photo:
Fylkesfotograf, Bjørn Johnsen
/
Hallingdal Museum
Nestegardstugu fra Nestegard i Hovet, stasstugu
Stova er rosemåla. Tak og veggar har kvit botnfarge, og taket er dekorert med lyse, grågrøne rankar som følgjer kvart bord. Borda er skild frå kvarandre med ei grågrøn list med rau ...
Stova er rosemåla. Tak og veggar har kvit botnfarge, og taket er dekorert med lyse, grågrøne rankar som følgjer kvart bord. Borda er skild frå kvarandre med ei grågrøn list med raude kantar. Løpet til rankane blir brote av dei firkanta bjelkane. Inne mellom rankane finn ein i partiet nærast gavlveggen apekattar, slangar, haner, villsvin, øgler, påfugl og nokre andre fuglar. Bjelkane er raudkanta, og på undersida er dei dekorert med blågrøne rankar med gule blad og delvis raud kontur. Sideflatene til bjelkane har blå kant, og over der finn ein ei raud bølgjelinje med gule blad. På kruna svømmer grågrøne fisk etter kvarandre. På undersida er ei blå ranke med raude og gule blad, og eit smalt, fjæraktig blad hengande ned frå rankehovudet.
Dei 2 nedste stokkane i tømmerveggen er i masamåling, den nedste raud med grønblåe ovalar, den øvre grønblå. Reisten av veggen er kvit, pryda med tre i gult, raudt og blått. Trea blir danna av rette, stigande stammar med ei firebladsrose øvst, og rankeforma greiner nedover stokkane.
Dørene til gangen og kleven er i blågrøn masamåling med eit firkanta, lyseblått felt mellom jernbeslaga. På kvar av dei er det framstilt ein ryttar på raud hest. Den lyseblå bakgrunnen er eit hus med vindauge. Ryttarane har grålege drakter, svarte, rundpulla hattar og dragne sverd. Pelaren er kvitmåla og blir nedst prydd av eit tre med raude bær. Over står det i ei malt nisje, eit par som kyssar kvarandre. Han er i raud jakke og grålege knebukser, og ho står i blå drakt med raude strømper. Dekorasjonen blir avslutta ovantil av 3 grå firebladsroser med raud kontur.
Vindauga har innvendig halvrund midtpost og jerngitter. Karmane og vangane er kvite, og dekoren er brei, raud med blå kantar og pryda med gule prikkar.
Stova har langs veggane (unntatt indre skiljevegg og peiskroken) veggfaste, kasseforma, umåla benkar. Den halvrunde, mura peisen har sin plass til høgre i hjørnet mot kleven. I hjørnet til venstre for døra står senga.
Senga er løfta opp på den veggfaste benken, og har 3 firkanta hjørnestolpar, kor 2 av dei er forlenga til beina. Kortsida har trekanta trapp og er delt i 3 horisontale felt. Det midtarste har 2 rektangulære, og det neste 2 ovale og 1 firkanta fylling. Langsida er òg delt i 3 horisontale felt, kor det nedste har 4 rektangulære fyllingar. Overkanten har nedskoren midte. Tre firkanta stolpar bær den flate himlinga, som har breitt framspringande gesims. Senga har blågrøn masamåling, med grønkanta, kvite fyllingar og litt raudt i listverket. Himlinga er kvit med enkle, blågrøne rankar med raude og gule blad. Vidare kan ein sjå ein kvinneskikkelse i raudt liv og stripa skjørt, ein mann i raud jakke, ein svart fugl, ein blågrå hest og døden.
Bortanfor senga står stoveskåpet. Underskåpet har plan front delt i 3, kor kvart enkelt felt har 2 firkanta fyllingar. Skåpet er raudt, og dei 6 fyllingane er gråkvite med grøne lister. Dei 3 øvre fyllingane er prydd med kvite greiner og blomar, delvis med raud prikka dekor og enkelte raude blad. I dei nedste fyllingane står det til venstre ein raud elefant, og til høgre 2 raude dyr, ein hjort og eit rådyr. I midtfyllinga står ei kvinne i raudt liv med raudstripa skjørt, og held eit beger i handa. Over underskåpet er ein bakvegg med 2 hyller og framspringande profilert topplist. Topplista er blå, gul og raud med gråblå ranke. Bakveggen er kvit, og den er av 5 profila, raudkanta stavar delt i 6 vertikale felt som smykkast av blå og gule firebladsroser med raude, delvis prikka konturar. Kortsida av skåpet er lys blå, den venstre med kraftige kvite rankar, list og her med raud kontur og raude prikkar. På høgre side ei raud og kvit ranke, og i denne sit storken, hanen og dua. På underskåpet er ein ryttar på raud hest, og det er i bakgrunnen eit hus med fleire tårn og ein figur med nokre dyr. Målinga her er mykje avslitt.
Ved sidan av stoveskåpet er høgsetet. Høgsetetavla er panelt med breie bord, og har eit lite vindauge midt i. Frå benkehøgde til vindauge er farga blå. Her er det framstilt ei kvit havfrue med fisk, Adam og Eva under kunnskapens tre, også i kvit, samt ei scene som truleg er Jomfru Maria med 2 av dei heilage tre kongar. Kongane bær raude jakker og kvite knebukser. Over denne scena er ei kvit ranke og paktens ark. Ved sidan av vindauget i kvitt, på raud botn er Kristus på krossen, og Maria og Johannes. Over vindauget er 2 breie vinstokkar med gulkvite drueklasar, og til høgre eit seglfartøy på ein antydning av blå sjø.
Innanfor høgsetet heng det eit roskåp, og same slags skåp er også sett opp i det andre gavlhjørnet i stova. Roskåpet består av over- og underskåp, med ope midtrom. Dette er ramma inn av breie sidebrett. Fronten i skåpa er «knekt» i 3 flater, som tilsvarande er forsynt med 12 rektangulære fyllingar. Det er ei framspringande topplist. Skåpa er raude, og felta lyseblå med grøne lister. I kvar fylling er ei kvit grein, med raude konturar og prikkar. Midtromma er kvite med rankar i raudt og gult.
På ein stokk over døra i stova, står det skrive med svart skrift i blå og raud ramme: «På det Aar 1751 Dem 14 Aprill begynte enbric ol son at Fløte dene sin gaard i Frå Medgaardens huse her hit Paa dete Stæd til den 20 majus være ale gaardens huse her paa Stædet vad nam de have kan».
På stokken under står det: «Hven som gaar in eler ud bevare dem gud O gud bevare dette hus ifra Ilds og Vands vaade Ano 1759».
På ei hylle likeins over døra står: «Paa Aaret 1759 Var Jeg Kitil Ryg paa gaarden Nesstegaard og maalet Dene Stue For Enbric Ol Son og hans hustru Birgit Knuds dater dem bæge til gavn og denis son til bæste» (?)
Omkring sengehimmelen står: «Ano 1708 blev Jeg Enbric Ol Son Fød Ao 1703 blev jeg Birgit Knuds Dater Fød Ano 1743 blev Halvor Enbric Søn Fød Ano 1741 blev Astri Enbric Dater fød til verden».
Tre, lafteverk, tømmer eller planker
Stova frå Nestegard er ei laftebygd loftstove på gråsteinsmur, med peis og peispipe. I fyrste etasje finn ein stove, gang og kleve. Og i andre er det eitt rom og innebygd sval, «rear», over gangen og kleven i underetasjen. Det (tidlegare) torvtekte taket blir bore av mønsås og 8 leåsar. På den eine sida er det dessutan frå stovegavl til indre skiljevegg endå ein ås, som støttar peispipa og delast i 2 av denne.
Langveggane er om lag 20 stokkar høge. Andre etasjen er litt breiare enn fyrste, slik at langveggen her ligg eit novhouvds breidd utanfor underetasjen. Inngangsdøra er sett til høgre i langveggen, og til venstre er det eit lite kvadratisk vindauge med 4 ruter. Gavlveggen har 3 vindauge, 2 i fyrste og 1 i andre etasje. Dei delast med midtpost. Vindauge i fyrste etasje har 12 ruter medan det i andre har 8. Alle 4 vindauga i bygningen er utvendig omgitt av breie, flate rammer med skråkant ytst.
Opp til andre etasje fører det frå baksida ei utvendig trapp, kor trinna ligg parallelt med gavlveggen, som i andre etasje er stavbygd. Firkanta stolpar sit over det øvste laftet. I hjørnestavane er stavlægjet kammet(?) ned og blir støtta på midten av 2 stavar som flankar døra. Vinkelrett på stavlægjet er det reist ein stav som støttar mønsåsen. Svalgangen er lukka heilt inne med enkle kiler, utan not og fjær. Eit stykke nede på dei firkanta hjørnestavane har dei 2 sider som dannar den ytre vinkelen i eit karnisforma innsnitt. Over og under dette er staven pryda av små snigleforma hakk, som på oversida er ordna i 2 radar og på undersida i eit triangel med spissen ned. Fronten på dørstolpen har det same karnisforma innsnittet. Over har stolpen form som eit snodd tau, og blir avslutta av ein firkanta kloss.
Fyrste etasjes flate loft blir danna av firkanta, tverrgåande bjelkar med langsgåande plankar eller bord over. Over kleven og gangen er det deretter lagt plankar på tvers, og desse dannar golvet i loftsvalet. Over loftsborda i stova er det derimot lagt 4 langsgåande bjelkar som er lafta ned i gavlveggen og den indre skiljeveggen, og tvers over dei ligg golvplankane til loftrommet. Desse kjem såleis til å ligge høgare enn golvet i svalgangen.
Alle døropningane som er skore ut av dei lafta veggane, inngangsdøra, døra frå gangen til stova og frå stova til kleven, samt døra i andre etasje mellom svalgang og loftsrom, har enkle, smale beitskier. Og dei er kamma inn i dei rett avskorne endane på bjelkane.
Gangen har i gavlveggen 4 runde stavar som er stukke inn mellom bjelkane, og dannar underlaget for ei hylle.
Kleven har på langveggen ei lita, firkanta lysglugge med lem. Under den er ei veggfast seng, kor langsidene dannast av ei enkel fjøl, som går frå vegg til vegg. På gavlveggen og den indre veggen sett overfor er det oppe under loftet breie hyller, som kviler på 2 firkanta stavar kvar.
Loftsvalen har på langveggen til høgre for inngangsdøra ei veggfast seng. Frontbjelken har svakt, nedskåren midt og strekkjer seg frå vegg til vegg.
Loftsrommet: Vindauget har innvendig halvrund midtpost, og ramme med profilerte kantar. Over vindauget er det hyller på 2 knektar. Over døra er det også ei hylle. Langs veggen mellom peispipa og vindauget er det 2 veggfaste senger, som er stilt kant i kant etter kvarandre. Sengene er av umåla tre, og har firkanta hjørnestolpar med flate knottar. Langsida er rektangulær til langs midten, og er pryda av ei gruppe med forenkla linje, fotbrett og ovantil flat, brei list. I vinkel mot hjørnestolpen er eit vertikalt brett med (?), rundt knoll nærast stolpen. Langsidas midtre er senka. Endestykka er enkle, med kanta topp.
Stova er frå Nestegard, gnr. 35, bnr. 1, i Hovet. Stova er truleg bygd fyrst på 1700-talet, og vart flytt til Hol Bygdemuseum i 1936. I fyrste høgda er det ei vanleg 3-romsstove med gang, stove og kleve. I andre høgda er det loftsrom med rear (svalgang) utanfor. Oppgangen til loftet er via ei trapp på utsida. Innvendig er stova dekorert av rosemålaren Kitil Rygg i 1759.
Får fyrste halvdelen av 1700-talet var det mote på dei likaste gardane å byggje seg ei loftstove. Dette var ein slags kombinasjon av loft og stove. Den nedre delen hadde same ordninga som den vanlege holingsstova, men oppå vart det plassert ein andreetasje, som hadde same funksjon som det vanlege loftet. Den vart dels brukt til oppbevaring, og dels som gjesterom eller soverom. Denne stoveforma kan ha sprunge ut av den vanlege loftstypa, men kan òg ha vorte til under påverknad av loftsbygningane i Gudbrandsdalen og Østerdalen. Når ein bygde på ei høgd til slik, var det ikkje plass til nokon hems (hemsedal) i stova, og alle romma i fyrste høgda får òg himling. Trappa opp i andre høgda går stort sett opp ute, og loftet har gjerne rear (svalgang) på 2 eller 3 kantar, som eit anna loft.
I følgje «Folk og fortid i Hol, band I» (1954) av L. Reinton & S. Reinton skal den eldste loftstova i Hol vere stova frå Nestegard. Dei meiner ho må vere bygd i åra like etter 1700. Saman med dei andre husa på garden vart ho flytt i 1751, som ein òg ser av ei innskrift over stovedøra.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».