• c  Nitten perler frå kvinnegrav. Dei har truleg vore del av eit kjede, moglegvis knytt til dei to ovalspennene. Atten av perlene er av glas, ei er av rav. Åtte av glasperlene er folierte (sølvfolie mellom to lag av glas): to har klart, gjennomskinneleg glas ("sølvfolierte"), seks har gulbrunt, opakt glas ("falskt gullfolierte"). Dei resterande glasperlene er av blått, opakt glas (åtte stk) og kvitt, opakt glas (ein stk). I tillegg er det ei svært nedbrota glasperle. Fnr. 47: Ei ravperle m/ avrunda form, m/ parallelle sider (L: 14mm  D: 8mm). Fnr. 25: Seks gullfolierte segmentperler (fem m/ to segment kvar, ei er eit avbrote, enkelt segment): avrunda form. Minst ei av dei med to segment er avbroten. Det enkle segmentet kan tilhøyre ei av dei andre segmenterte perlene. (Storleik doble segment: L: 11mm  D: 8mm). Fnr. 25: To sølvfolierte, gjennomskinnlege segmentperler. Den eine (m/ fem segment) avbroten i begge endar (L: 23mm  D: 9mm), den andre (m/ fire segment) avbroten i eine enden (L: 15mm  D: 8mm). Fnr. 9/25: To opake, blå perler, slipte m/ dobbelkonisk åttekanta form (F9: L: 14mm  D: 9mm.  F25: L: 9mm  D: 10mm). Fnr. 25: Ei opak, blå segmentperle (m/ tre segment). Kanskje avbroten (L: 16mm  D: 7mm). Fnr. 25: Ei opak, blå segmentperle (m/ to segment), avrunda form. Avbroten i eine enden (L: 8mm  D: 12mm). Fnr. 25: Fire opake, blå perler: avrunda form, m/ plane, ikkje-parallelle sider (L: 6-9mm  D: 8-9mm). Fnr. 25: Ei opak, kvit perle: avrunda form, m/ parallelle sider (L: 4mm  D: 8mm). Fnr. 29: Ein fullstendig korrodert og nedbroten kjerne av ei perle. Bevart som eit tynt, opakt røyr (L: 9mm  D: 4mm).   Fnr. 9,25,29,47
    Photo: Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger - Gjenstand

Perle

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to