• Brokade, botn i brun bomull, silkeroser og blad i grønt, raudt, orange, rosa og gult. Sett på stykker, nede framme, i brokade, mørk grøn botn, silkeroser og blad i grønt, gult og lilla. Livet har rette sider mot front, rette snippar som sit høgt, svak skråning frå snipp mot skuldersaum. Ingen halsringing bak, rett linje frå skuldersaum til skuldersaum. Mellom skråsaumane i ryggen er det sett på ca. 2,4 cm nede i same stoffet som ryggen. Fôr i ubleika bomullslerret som er bretta over på retta, synleg ca. 0,5 cm rundt kanten nede. Raude, silkeliknande roseband langs front, hals og ermeringing. Banda har silkeroser i kvitt, grønt og gult, 3 cm breie. Under ermene er sett inn 3-4 cm einsfarga raude band. Sølvband, 1,5 cm breie, langs front, halsringing og ermehol, ca. 9 cm under kvar erm er der ikkje sølvband. Ca. 1/3 av breidda på sølvbanda ligg over rosebanda. 2 krokar m/maljer nede, framme, øverste 4 cm frå nedrekant, nederste 1,5 cm frå nedrekant. Sjå kjeldemateriale.
    Photo: Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Liv

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to