History
-
-
Arkitekt Schak Bull fekk oppdraget med å planleggja skulen alt medan Odda var ein del av Ullensvang Herad. Bull var ein produktiv arkitekt i Bergen, var i slekt med Ole Bull og var kjend frå markerte bygg som Nina og Edvard Griegs hus på Troldhaugen, Tollboden i Stavanger (1905) og ulike prestisjefyllte nybygg og restaureringsoppdrag i Bergen. Våren 1912 starta bygginga av ny skule på Bakkemoen som det heitte her og murmeister Sørvig hadde ansvaret. Grunnmuren er av gråstein, medan veggene er murt av teglstein og dekka av murpuss, på same måte som byggemåten for Murboligen i Odda og Tyssedal kraftstasjon som er bygde i same periode. Dei pussa veggene skiller seg likevel ut ved eit karakteristisk ruglete mønster i pussen. Odda barneskule er monumentalt og det sentrale stilelementet i fasaden er det høge og smale portalfeltet i nybarokk stil; legg merke til mønegavlen på toppen av midtpartiet. Pynteborder i muren har meir inspirasjon frå historismen.
Første byggetrinn hadde 8 klasserom og gymnastikksal i 1. etasje. Mot vest slutta bygget då ved trappehuset. Ved forlenging mot vest i 1918-19 blei trappehuset midtpartiet av sørfasaden. Det var då bygget fekk den nybarokke toppgavlen. Skulen var mellom dei aller mest moderne i landet og hadde status som byskule med skulekjøkken, sløydsal og «styrtbad» (dusj). Odda barneskole var den første skulen i Norge med eige svømmebasseng. Det vart innreida i nybygget i 1918, og var på 8 x 8 meter. varmt vatn vart skaffa med hjelp av ein vedomn. Elevar som melde seg frivillig til å hogga ved saman med vaktmeisteren, fekk ein gratis time i bassenget som lønn. Badet var i bruk fram til 1960-talet då Odda Folkebad opna.
Skulen i dag er eit resultat av mange byggetrinn, og fleire arkitektar har sett sitt preg på skulen. Vestfløyen er bygd på 1930-talet og utvida gymnastikkbygg mot aust kom etter 2. verdskrigen. Veksande barnetall på 1950- og 1960-talet førte til rekordmange klassar. I 1912 hadde skulen 13 klassar, medan her må ha vore ca 42 klassar og rundt tusen (!) elevar omkring 1965.
-
Fotografering - 1961 — 1963
-
Fotograf
Løyning, Nils (1909 - 1993)
sikker
-
History
Frå Kolltveit: Odda, Ullensvang....:
son åt lærar Olav Nilsson Løyning (1885 - 1965, frå Seljestad, bruk nr.3, pl nr.1), og Sigrid Jakobsdotter Løyning (1888 - 1960, ho var frå Stuane). Foreldra kjøpte Stuane nedom Minne i 1915, der Nils vaks opp, som eldst av fire. Søskena var: Jakob, Oddmund Birger og Sigrid. Nils vart gift 28.08.1933 med Marta Thorvik frå Jondal. dei fekk eit barn, Sigrid i 1934. Gift 2.gong med Judith Pedersen (f. 1918). Nils Løyning var arbeidsformann på Norzink. (sjå og Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid)
Fotograferte mykje, mest på strekninga frå Hardangervidda, gjennom indre Hardanger til Haukelifjell. Mange av motiva hans er blitt solgt som postkort. NVIM har ei stor samling etter Nils Løyning
- Adresse, Norge Hordaland Odda Røldal
- Profession Arbeidsformann på Norzink og fotograf
- Gender Mann
- Nationality Norge
- DigitaltMuseum Search in «Løyning, Nils»
-
History
-
Placement
License information
Metadata
- Identifier i-nil-461
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published January 27, 2018
- Date updated September 29, 2023
- DIMU-CODE 021017433517
- UUID 61d3b8ed-c148-49fc-bb7e-52a55aefe6de
- Tags
2 comments
Torill Helene Gjellestad, February 2, 2018
Anne Gravdal, February 23, 2023
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».