History
-
- Fotoet dokumenterer industristaden Odda og byutviklinga i første halvdel av 1950-talet, ei tid då byggeaktiviteten var stor. Det gamle gardstunet i Bygda er intakt, dei fire "Sandeblokkene" på Bygdarbøen er reist, men berre tre er tatt i bruk (har gardiner), grunnarbeid for blokka langs Opheimsgata og for Odda Rådhus er ikkje starta, kalkovnar og råstofflager på Odda Smelteverk er ikkje endra slik det blei i 1955-56. Eit stillas på sørveggen av Folkets Hus tyder på at dette er like før utvidinga som var ferdig i 1953. Kraftlinene over Ragde til mottakssentral / trafostasjon på Smelteverket viser godt, elveforbygningen i Opo er godt synleg og brua til Hjøllotippen er bygd.
-
Fotografering - 1952 — 1953
-
Fotograf
Løyning, Nils (1909 - 1993)
sikker
-
History
Frå Kolltveit: Odda, Ullensvang....:
son åt lærar Olav Nilsson Løyning (1885 - 1965, frå Seljestad, bruk nr.3, pl nr.1), og Sigrid Jakobsdotter Løyning (1888 - 1960, ho var frå Stuane). Foreldra kjøpte Stuane nedom Minne i 1915, der Nils vaks opp, som eldst av fire. Søskena var: Jakob, Oddmund Birger og Sigrid. Nils vart gift 28.08.1933 med Marta Thorvik frå Jondal. dei fekk eit barn, Sigrid i 1934. Gift 2.gong med Judith Pedersen (f. 1918). Nils Løyning var arbeidsformann på Norzink. (sjå og Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid)
Fotograferte mykje, mest på strekninga frå Hardangervidda, gjennom indre Hardanger til Haukelifjell. Mange av motiva hans er blitt solgt som postkort. NVIM har ei stor samling etter Nils Løyning
- Adresse, Norge Hordaland Odda
- Profession Arbeidsformann på Norzink og fotograf
- Gender Mann
- Nationality Norge
- DigitaltMuseum Search in «Løyning, Nils»
-
History
Placement
License information
Metadata
- Identifier i-nil-483
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published April 26, 2018
- Date updated December 8, 2021
- DIMU-CODE 021017783026
- UUID CB87B3C3-3F34-4B84-8515-9BB4C14B15C7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».