• Fra informasjonstavle ved Raudammen, øst for Tinnsjøen, på grensa mellom Tinn og Notodden kommuner i Telemark.  Informasjonstavla er en del av en kultursti der Raudammen ved utløpet av Reisjåvatn og den nedenforliggende tømmertunnelen ved Raufossen er tema.  Dette oppslaget later til å være side to fra en presentasjon av fløtingsarbeidet i sideelvene Raua og Skjerva på Tinnsjøens østside.  Side en manglet da representanter for Norsk Skogmuseum besøkte anlegget høsten 2012.  Den avbildete tekstsida har følgende tekst: 

«betre.  Var stokkane for våte og tunge, kunne dei søkke før dei kom fram til kjøparen.  Skogeigaren fekk oppgjer for alt innmeldt tømmer, sjølv om det hendte at ikkje alt tømmeret nådde fram til Skien.  Tømmer som mangla merke fordi stokkane var slegne i stykke under transporten, vart kalla «krabastømmer» og vart delt mellom trelasthandlarane. 

Skogeigaren var ansvarleg for å «slå ut» tømmeret når det var damslepping, og likeeins for at det vart slått på passe tømmer i høve til vassføringa.  Dersom elva vart lasta for mykje, vart tømmeret skuva opp i «landvarrar» som måtte arbeidast ut og lempast på elva igjen.  Dette arbeidet vart kalla «tørrulling».  Skogeigaren hadde ansvar for tømmeret heilt til vart var kome i flåt i elva, da tok brotningskarane over. 

Det var om å gjera at brotningskarane var godt kjent i elva, slik at dei visste kva landvarrar dei måtte arbeide ut så snart som mogleg for å unngå at enno meir tømmer gjekk på land.  Andre stader kunne landvarrane liggja, her ville det berre leggje se den same mengda tømmer neste gong vatnet gjekk, dersom det første vart fjerna.  Når mesteparten av tømmeret var fløytt ned, starta dei «rensken», d. v. s. å få med seg alt tømmeret som låg langs elva.  Da var det damslepping og tørrulling, heilt til alt tømmeret var kome ned til Tinnsjå.  Der lendet var fint kunne ein «jågå», d. v. s. å gå langs elva når damvatnet gjekk og få med seg stokkar som rak til lands. 

I dei seinare åra var berre Långevassdammen i bruk under brotninga i Skjerva.  Långevassdammen vart oftast trekt kl. 16.  På denne tida av dagen var det mest undervatn i elva, slik at dei ikkje trong å tappe så mykje damvatn for å få nok brotningsvatn.  Dammen vart ofte tappa i 15-20 minuttar, før luka vart stengt.  Dersom det var bra temperatur med god snøsmelting, var tilsiget så stort at dei kunne tappe damvatn kvar dag. 

Medan Nilsbudammen var i bruk i Skjerva, vart denne trekt 1 time før Langevassdammen.  Dette var den tida damkarane trong for å gå frå Nilsbudammen til Långevassdammen.  Vatnet frå Nilsbudammen vart kalla «spytten» og vart brukt til å lage undervatn i elva, slik at Langevassdammen kunne arbeide betre under brotninga. 

Lendet her i Rauavassdraget er meir slakt enn i Skjerva, men brotninga/flotninga i Raua var likevel mykje meir arbeidskrevjande enn i Skjerva.  Tømmer lengst oppe i vassdraget måtte gjennom 6 elvestrekningar og over 5 vatn, og takast gjennom 4 dammar før det tilslutt kunne samlast i lensa på Tinnsjå.  I innløpet til kvart vatn måtte det leggjast ut lenser (stokkar hekta saman med kjetting).  Lensene samla opp stokkane når dei kom ut i vatnet frå elva, slik at dei ikkje spreidde seg over heile vatnet.  Når alt tømmeret var kome inn i lensa, vart stokkane i lensa hekta saman til ein teist (ringtekst).  Teisten vart drege over vatnet med handmakt, enten med tau eller med ein dragd (spel) om vart festa til trestammar langs land.  I dei seinare åra hadde dei i tillegg ein pram med ein liten påhengsmotor til hjelp når teisten skulle over vatna. 

I Raua vart det fløyta tømmer for siste gong i 1968.  I Skjerva var det slutt på brotninga i 1970. »

Informasjonstavla er avfotografert for å knytte teksten her til fotografier av kulturminnene den refererer til, se påfølgende løpenummere SJF-F. 005351-SJF-F. 005399.
    Photo: Ljøstad, Ole-Thorstein / Anno Norsk skogmuseum

Fra informasjonstavle ved Raudammen, øst for Tinnsjøen, på grensa mellom Tinn og Notodden kommuner i Telemark. Informasjonstavla er en del av en kultursti der Raudammen ved utløpe...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to