History
-
Ringedalsdammen er bygd i fleire byggetrinn i åra 1909 – 1918. Demningen er bygd i handmeisla granitt, og er den største av sitt slag i Norge med målene 521 meter lengde og 33 meter høgde. Breidden er 4 meter ved damkrona og 21.5 meter ved foten. Magasinkapasiteten er 407 mill. m3, der 202 mill.m3 er oppdemma. Dammen står imot 490m³.
Første byggetrinn vart det bruka granitt lagt i sementmørtel. I neste byggetrinn var den indre delen av betong og stein, med den største betongmassen mot vatnet. Det oppsto tidvis lekkasjar, og frå 1925 vart det sett i gong systematiske målingar, fram til 1928 freista ein å injisera med betong i sjiktene. Dette hadde ikkje dei resultata ein ynskte, så i 1928 vart det bestemt at ein skulle støypa ei jernbetongplate på sida mot vatnet. Damplata er 20–47 cm tjukk og har eit areal på 9700 m². Det vart støypt 68 seksjonar med 1 horisontal og 38 vertikale ekspansjonsfuger. Fugene vart opphaveleg tetta med kopparplater, bitumen og asfalt. Arbeidet stod ferdig i 1931.Tyssedal var nok ein gong ute med ei teknisk nyvinning; støypeteknikken Chr. F. Grøner brukte, vakte oppsikt. Grøner fekk tildelt Sam Eyde sin ærespris for framifrå ingeniørarbeid i 1934.Fotografering: 1909 - 1910
Eierskap
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier I-TY0507
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated June 21, 2025
- DIMU-CODE 011012873475
- UUID b915b4fa-cb6e-4d46-9c76-4d93a30ded3c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».