Faksimile av avisartikkel i Bergens Tidende 18.10.1920 om Blakstad sine planar.
Faksimile av avisartikkel i Bergens Tidende 18.10.1920 om Blakstad sine planar.

Ragnvald Blakstad og kraftoverføringa

Pionerarbeid

Blakstad var ein av pionerane innan norsk krafthistorie. Han var AS Tyssefaldene sin andre generaldirektør frå 1910 til 1918 og han var den første som lanserte nasjonale planar for samkjøring av kraftnettet. Ragnvald Blakstad var fødd i Asker i 1866. Etter å ha teke ei merkantil utdanning i Tyskland, og etter nokre års opphald i England, starta han ei trelastforretning i Skien. Seinare flytta han til Arendal, der han dreiv trelastforretning og trevarefabrikk. Her byrja han å interessere seg for vasskraft, og bygde to små vasskraftanlegg som leverte straum til Arendal og distriktet omkring. I åra 1908-1910 var han bestyrar for Zinkverket på Sundløkken ved Hafslund.

I 1906 inngjekk Blakstad ein avtale med dei svenske investorane Marcus Wallenberg og Knut Tillberg då dei etablerte det såkalla Blakstad-konsortiet. Svenskane stod for kapitalen, medan Blakstad kjøpte opp fossar og vassdrag. Grunna panikklova som kom i 1907, som bestemte at konsesjonar berre blei gjeve til norske eigarar, kjøpte Blakstad vassdraga i sitt eige namn.

Wallenberg-brørne og Tillberg var også aksjeeigarar i AS Tyssefaldene, men i 1910 kjøpte Tillberg ut dei andre, og fekk aksjemajoriteten. AS Tyssefaldene sin generaldirektør Sam Eyde blei overraska av salet, men selde også sine aksjar med gevinst, noko han helst ville gå attende på, då han eigentleg ikkje hadde tenkt å sleppa Tysso-prosjektet. Men Tillberg hadde ynskje om å satsa på Ragnvald Blakstad, då svenskane ikkje var heilt nøgde med Eyde si leiing, dei meinte han hadde store svakheiter som administrator. Blakstad blei vald til ny generaldirektør.

Ragnvald Blakstad (t.v.) på båttur. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Generaldirektør Ragnvald Blakstad (1866-1929)

Blakstad utvida selskapet sine eigedomar slik at AS Tyssefaldene praktisk talt disponerte alt tomteland i Tyssedal. I tillegg eigde dei Eitrheimsneset, Lindenes og fabrikktomtene i Odda. Samstundes fekk Blakstad bygd ut Tysso I med 88 000 KVA frå 1910 til 1917. Blakstad si utbygging av kraftverket i Tyssedal blei ferdigstilt då Ringedalsdammen i Skjeggedal stod klar i 1918. Dammen var då den største i Norge. Blakstad og AS Tyssefaldene bygde også hotellet og dei fleste av selskapet sine hus i denne tida. Kring fyrste verdskrig bygde dei eit eige fjøs med 50 kyr for å skaffa mjølk til befolkninga.

Då karbidfabrikken Alby United gjekk konkurs i 1920, og cyanamidfabrikken North Western Cyanamide Co. i 1922, kjøpte AS Tyssefaldene dei opp på auksjon. Men den økonomiske krisetida traff også vasskraftselskapet, og bankane var ikkje lenger villige til å finansiera det. Blakstad arbeidde hardt for å finna nye avtakarar for krafta. Det var dette som førte til hans iherdige innsats for å få til ei kraftoverføring til austlandet.

Kraftoverføring til austlandet

Ragnvald Blakstad har nok vore fortvila over kvar dag å la 70 000 Hk gå rett i fjorden til inga nytte - som var overskotet av vasskraftproduksjonen på det tidspunktet. Dette var etterlengta potensielle inntekter til eit kraftselskap i økonomiske vanskar.

Dette synes at være et aldeles utimelig forhold, som bør ændres. Det er ikkje nationaløkonomisk forsvarlig at kraften i en landsdel ligger unyttet, mens der i en annen landsdel hersker den sorteste nød på kraft

seier Amtmann (Statsforvaltar) Berge i eit avisintervju på spørsmål om kraftsituasjonen på austlandet. Første verdskrig hadde ført til stor mangel på elektrisitet i Norge, på Austlandet var det reine naudtilstandar med tanke på forsyning av elektrisk kraft.

Forsyningsnettet

Det fanst små eller ingen moglegheiter for å overføra straum over lengre strekningar då elektrisiteten var ny.

Tiden vil kanskje gi oss effektive midler til overføring av kraft over store avstander, men jeg kan ikke holde meg tilbake fra å peke på en metode som etter min mening bør kunne overveies – nemlig den elektriske ledning

Charles W. Siemens, 1877

Det var først då Gaulard og Gibbs fann opp vekselstraumsystemet i 1881 at leidningane for kraftoverføring kunne bli lengre. Men sjølv om ein enkelte stader i utlandet klarte å overføra straum over lange avstandar, hadde Norge ikkje utvikla gode nok løysingar for kraftoverføring i eit krevjande landskap. Dette gjorde at industrien måtte bli bygd nær kraftkjeldene, vasskraftanlegga i nærleiken av industrien.

Det var naudsynt å utvikla teknikk og teknologi for å kunna bygga overføringsleidningar over fjell, fjord og dalar etter kvart som behovet for elektrisk forsyning vaks.

På vei mot Langevand, svarte strekar er teikna inn for å indikera kraftlinje Kraftmuseet

Blakstad og kraftoverføringa

I 1918 sender Blakstad inn eit forslag til staten om bygging av kraftleidningar. Dei skal leggast i høgfjellet frå Tyssedal over Haukeli, Vinje og Kongsberg til Kristiania for å overføra 150 000 Hk. Dette seier han at han skal klare på to år. Vilkåret er at han får konsesjon for utbygging av øvre Tysso og vatna på høgfjellet i Tyssedal. Tilbodet inneheld også heimfallsrett, som let staten få vasskraftanlegga etter 60 år. Han sender teikningar og foto inn saman med forslaget.

Generaldirektør Blakstads nye planer om kraftoverføring frå Tysse til Østlandet vækker stor opsigt

skriv Bergens Tidende 18. oktober 1920.

Avisene skriv at Departementet stiller seg tvilande til Blakstads kraftoverføringsplan, og uttalar eit

haab om en heldig løsning for de store almene interesser som knytter sig til denne sak, baade for Vestland og Østland

I avisene blei Blakstad sin plan kalla "Den elektriske hovedvei".

Ragnvald Blakstad får leggja fram planane på eit møte med vassdragsdirektør Kristensen og fleire amtsmenn i 1918. Stiftsamtmand Løken seier at det tyder på slett nasjonaløkonomisk politikk når staten lar 70 000hk renne i sjøen dagleg, i staden for å la krafta koma dei distrikta til gode som manglar kraft.

Da det norske folk med stort flertal sluttet sig til koncessionslovgivningen, var det ikke for at staten skulle benytte det privilegium den derved fik til at lægge en død haand over al foretagsohmhet i denne saa betydningsfulle næringsgren.

I møtet blir eit forslag til ein endeleg ordning av administrasjon til landets elekrisitetsforsyning vedteke. Likevel meiner vassdragsdirektøren at ei overføring frå Vestlandet til Austlandet er eit fullstendig unaudsynt prosjekt, og rår saman med elektrisitetskommisjonen difor frå eit slikt løyve med følgande grunngjeving:

Det foreligger ingen utarbeidet plan for den paatænkte overføring, likesom det opstilte omkostningsoverslag er rent summarisk. Kommisionen antar at der forefindes endnu ubenyttede vandfald paa Vestlandet som egner sig bedre end Tyssefaldene for den samdrift med østlandske kraftkilder der fremtidig bør finde sted.

Ragnvald Blakstad var ikkje nøgd med svaret, og sende eit tilsvar.

Svaret frå Blakstad til departementet. Kraftmuseet arkiv

Departementet sa nei

Ei mogleg medverkande årsak til at myndigheitene var negative til planane, kan ha vore servituttet som Den Norske Turistforening på den tid hadde, som gjekk ut på at fossane i Skjeggedal skulle vera fri for ei teknisk og industriell utbygging. Dette servituttet selde DNT til AS Tyssefaldene i 1920 for 240 000 kroner pluss kr. 80 000 som skulle gå til dei førre grunneigarane P. Aga og Helge S. Skjeggedal, om desse ville samtykkja i at servitutten vart avlyst.

Krisetida kring Oddafabrikkane og vanskeleg økonomiske forhold for AST gjer at planane for vidare utbygging likevel ikkje blir noko av.

Servituttet DNT avtala med grunneigarane i 1898 og 1899:

Vi forplikter oss til aldri aa overlate Ringedalsfossen og Tyssestrengene til industrielle anlegg. Adgangen til saavel Tyssestrengene som til Skjeggedals- eller Ringedalsfossen skal være fri for alle og enhver, og forpliktelsen til aa holde de nevnte fosser fri for ethvert teknisk eller industrielt anlegg av hvad navn nevnes kann gjelder fossen i sin hele utstrekning, nemlig fra Ringedalsvatnet opp til dens høieste topp. Skulde den norske turistforening bli oppløst, gaar dens rettigheter i følge ovenstaaende vedtagelse over paa den norske stat.

Blakstad sin søknad om konsesjon for utbygging av resten av Tyssovassdraget i 1918 vert ein realitet først i 1967, då Tysso 2 i Skjeggedalsfjella er ferdig bygd ut og kopla på samkjøringsnettet.

Etter krisetidene på 1920-talet fekk Blakstad endeleg skrive ein kraftleigekontrakt med zinkkompaniet Compagnie Royale Asturienne i 1922, men då var det allereie for seint. Blakstad klarte ikkje å få selskapet på fote att. Han trekte seg attende i 1923, aksjane overdrog han til bankane.

Straum til folket

Alle skal få tilgang til straum uavhengig av bustad!

Dette var eit viktig prinsipp i norsk kraftoverføring. I 1945 hadde 20% av befolkninga i Norge framleis ikkje straum. Det skulle bli 1960 før ein kunne slå på lys i alle heimar. Distribuering av krafta gjekk føre seg via straummaster i luftlinjer på land, men og med hjelp av sjøkabel i fjorden. Allereie på 1920-talet blei det lagt 26 km sjøkabel til øysamfunna utanfor Ålesund. Straumforsyninga til Zink-industrien på vestsida av Sørfjorden i Odda blei sikra med kabel over fjorden frå Tyssedal kraftverk i 1924. Denne eksisterer framleis, noko som gjer at det ikkje er straummaster på vestsida av Odda i motsetnad til på austsida.

1980-talet var tiåret då kraftutvekslinga mellom Vestlandet og Austlandet i hovudsak fann stad. Frå Sima kraftverk i Eidfjord vart det strekt ei leidning over Hardangervidda. Også Ulla-Førre kraftverka bygde to store kraftoverføringar til Austlandet. På 1990-talet var det utbygginga av eit samanhengande sentralnett gjennom Nord-Norge som stod i fokus. Allereie i 1950 var det snakk om eksport av elektrisk kraft til utlandet, då det var politisk debatt om sal av kraft til Danmark, i 1954 og 1955 også om eksport til Sverige. I boka Elektrisitetslandet Norge kan ein lesa:

Diskusjonen om krafteksport ble dengang ført med sterke lidenskaper på begge sider, både fra dem som gikk inn for krafteksport i stor målestokk og fra dem som var motstandere.

Diskusjonane om krafteksport stilna då ein etter kvart var i stand til å byggja ut den norske krafta med eigne midlar og i eit raskare tempo enn ein hadde sett føre seg. I 1960 blei elektrisk kraft eksportert til Sverige via ei høgspent kraftline, og på 1970-talet blei det lagt overføringskablar over Skagerak mellom Norge og Danmark.

Statnett har drift- og utbyggaransvar for overføringsanlegg og staten sin del av sentralnettet.

Statnetts oppgave er å få elektrisiteten der den skal – til enhver tid, døgnet rundt, hver time året rundt – til rimeligst mulig pris.

Kjell Rønningsbakk – redaktør for Kraftnytt.no i 2001

Kabellegging frå Tyssedal til Norzink på 1920-talet. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Fram til i dag har det vore ei enorm teknisk utvikling på kraftoverføring med sjøkabel, som gjer det mogleg å overføra straum også til andre land i Europa.

Kjelder:

Aktieselskabet Tyssefaldene 1906-1956 Tyssefaldene, krafttak i 100 år 1906-2006 - Gravdal/Våde

Sam Eyde: Den grenseløse gründer. Ole Kristian Grimnes

Kraftoverføringens kulturminner - NVE

Elektrisitetslandet Norge - Johan Vogt

Avisartiklar

Kraftmuseet arkiv

Order this image

Share to