History
-
Anleggstid ved Alby United Carbide Factories AS, AS North Western Cyanamide Company (etter 1924: Odda Smelteverk AS). I framkant ser vi ulike verkstadbygg / spesielavdelingar for karbidfabrikken: blekkamballasjen, lagerbygg, nordre del av førtse smeltehuset og ein del mellombelse lagerbygg og smier som sto i anleggstida, Søndre del av Cyanamidfabrikken er ferdig og synleg i høgre bildekant. Framfor dette står eit tårn (?). Trikkespor er lagt på området. Gardstun og husmannstover eller frittståande bustadhus for Opheimgardane (Bygda) er intakte. Det mørkmåla bustadhuset til skulestyrar og klokkar Johannes Apold ligg heilt i høgre biletkant langs vegen som går rett vestover frå Postvegen / skulehuset. Langs Postvegen ligg skulehuset frå 1894 med skuleplass og utedo. Elles er topografien med elveterrassane godt synlege på dette fotoet.
Johannes Apold (1868 - 1950) har i sine minne fortalt om utviklinga i skulen i Odda: "So vart eg i 1893 tilsett som lærar i Odda og klokkar der.
Skulen i Odda var i vekst. Eg byrja i 4 delt skule her som i Vikebygd i ei skulestova frå 1869 med ei røykstova og eit kammer for skulemateriell. Eg hadde då dei 2 øvste klassane, og lærarinna hadde dei 2 andre klassar i eit leigd hus. Det var då 94 skuleborn i 4 klassar. Men barnetalet auka, og i 1894 vart skulehuset umbygt til 4 skulesalar, skulen vart utvida til 6 klassar, og her vart tilsett ein ny lærar. Då storindustrien held sitt inntog i Odda i 1908 flytta det arbeidarar til Odda frå land og by kring heile landet og ogso frå grannelandi Sverge, Danmark, Finland, Island, og borni hamna i folkeskulen. Klassane vart yverfyllte med inntil 43 born i sume klassar, inntil 3 klassar i same klasserom for dagen og arbeidstid frå kl 8 morgon til kl 5 - 6 um kvelden for sume lærarar. I 1912 var alle råmer for skulen sprengde, og me flytte inn i nybygd skule på ny tuft i stein og med 8 klasser. Seinare måtte skulen byggjast til 2 gonger; so i 1920 har me ein murbygning i 3 høgder med 20 klasserom og turvande spesialrom. Skulen kostar umlag 1 million kroner. Då eg slutta som "fyrstelærar" på skulen i 1936 var det umlag 900 born i 34 klassar og 28 lærarar. Seinare er barnetalet minka ein del."Fotografering: 1908
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-04032
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedNovember 8, 2023
- DIMU-CODE011012860112
- UUIDc241be5b-9f6f-4567-99b1-48dfb02b003e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».