Zinkfabrikken Norzink på Eitrheimsneset i Odda.
Zinkfabrikken Norzink på Eitrheimsneset i Odda. nathalie Lubowidsky, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Produksjon av zink i Odda

Den 12. april 1923 kan ein lesa i avisa Arbeidet:

Drift i Odda igjen?

Frå 1920 hadde det vore krisetider i Odda. Oddafabrikkane var slått konkurs, det var stor arbeidsløyse og AS Tyssefaldene stod att med lite eller ingen inntekter for sal av kraft.

Artikkel i avisa Arbeidet 12. 04.1923 Faksimile NB

Kommunen sine talsmenn reiste til Oslo i møte med regjering og Storting, og dei møtte òg ein generaldirektør med namn Louis Hauzeur. Ved eit slumpetreff hadde far til Louis, den belgiske industrielle direktøren Jules van der Heyden a Hauzeur, kome over eit steinbrot under eit besøk i Spania. Steinbrotet viste seg å ha store funn av zinkmineralet calamine som inneheld omlag 50 prosent zink. Hauzeur sitt firma Asturiana de Minas, (seinare Compagnie royale asturienne des Mines), fekk hand om rettane til steinbrotet.

65 år seinare var sonen Louis direktør for selskapet, og dei hadde bestemt seg for at det var på tide å utvida internasjonalt.

Då Hauzeur tilsette ein ny sekretær med namn Maurice Caron, fekk han kjennskap til tilhøva i Odda og kva kraftressursar som låg i fjella der. Caron hadde arbeidd hos DNN Aluminium i Tyssedal og hadde trivst godt i Odda. I Norge hadde Caron òg fått god kjennskap til Filip Tharaldsen si metode for zinkframstilling med elektrisk energi.

Sommaren 1922 reiste generaldirektør Hauzeur til Odda for sjølv å sjå denne staden som Caron meinte kunne passa til ei utviding av zinkproduksjonen.

Det var ein særs varm sommar, og leiinga i AS Tyssefaldene var redd for at den potensielle kraftkjøparen kunne få eit heteslag på vegen til Skjeggedal før han skulle skriva under avtalepapira. Så dei bestemte seg for å opna slusene i Ringedalsdammen for at generaldirektøren kunne få nyta synet av dei utemma og imponerande fossekreftene, samstundes som han vart litt avkjølt.

Hauzeur var begeistra, men trong likevel eit bevis på kva krefter som var bak vatnet. Maurice Caron hadde ein del norske vener, mellom anna hadde han kontaktar i det tekniske konsulentfirmaet Christian Fredrik Grøner. Dei rådde Tyssefaldene til å leggja grove kablar frå kraftverket og ut i Sørfjorden. Kablane vart festa til store kopparplater. Straumen kunne sendast gjennom det salta sjøvatnet og attende til kraftverket der instrumenta tydeleg synte Hauzeur at Tyssefaldene sine maskiner kunne produsera 100 000 friske hestekrefter. Hauzeur skreiv etter denne framsyninga under på avtalane med Tyssefaldene, og den 13. desember 1922 teikna Asturienne under ein avtale med ingeniør Tharaldsen. No hadde dei fått både gode kraftressursar og viktige patentar på moderne zinkproduksjon.

Ingeniørar på synfaring på Eitrheimsneset. Nathalie Lubowidsky, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Stiftinga i 1924

Folk i Odda hadde følgt spent med på forhandlingane, og hadde håpa at det nye selskapet skulle ta over fabrikkane som stod stille. Men slik vart det ikkje. Compagnie Royale Asturienne des Mines underteikna ein avtale på berre 20 000 hestekrefter og leigde eit nedlagt legeringsverk i Tyssedal.

Verket som på folkemunne heitte "Hardanger elendige Jern og Slaggverk" var opprinneleg eit jern- og stålverk bygd i 1910. Det fekk ein kort og lite innbringande industriperiode, så eit nytt Zink-verk skapte ingen entusiasme.

Kommunistpartiet i Odda var imot det heile, og kom med denne uttalen:

Det er sagt at Odda's økonomiske liv er grunnlagt i industrien, det kan ingen benekte. Men går nå både kraftverket og fabrikkene over til Zinksyndikatet så er dermed Odda's skjebne lagt i hendene på noen få pengematadorer, bosatt i dette eller hint utland, hvor det måtte behage dem å oppslå sitt hovedkontor. Dette bør ikke skje! Odda må kunne reddes ut av vanskelighetene på en annen måte. Statsmyndighetene må kunne finne en annen løsning på dette spørsmål, og inntil så skjer må staten på en rimelig måte hjelpe Odda.

Sjøfartstidene derimot trudde at "forhandlingene som det belgiske selskapet fører med Odda-selskapet og de interesserte banker, vil lede til at også carbid og cyanamidfabrikkene vil komme i gang igjen".

Den 11. februar 1924 stifta Asturienne Det Norske Zinkkompani AS.

Kronglete oppstart

Oddingane fekk ikkje nyhenda før den 10. mai 1924 då dei kunne lesa i avisene:

AS Det Norske Zinkkompani skal fabrikere og selge elektriske, metalurgiske og kjemiske varer og vil bygge eller leie fabrikker. Kontoret er i Tyssedal. Aksjekapitalen er to millioner kroner. Styret er advokat Gamborg, Kristiania, Gustav Bruusgård, Paris og Francis Lecouevre, Paris med varamann Joseph Habig, Tyssedal.

Det vart sett i gang prøvedrift i halvteknisk skala i det tidlegare legeringsverket i Tyssedal. Arbeidshøva var vanskelege og det oppstod betydelege tekniske problem og mange ulukker.

Patentane til Tharaldsen var ingen suksess i Tyssedal. Etter eitt år med prøveproduksjon etter den elektrotermiske metoden, som til saman gav 4000 tonn zink, vart anlegget i Tyssedal rive.

Men selskapet såg framover. Den 24.11.1924 tok Zinkkompaniet over eigedomar på Eitrheimsneset som AS Tyssefaldene hadde kjøpt av Jakob Haldorsen Eitrheim i 1911. I januar 1925 arbeidde over 100 mann med bygginga på neset.

Anleggsarbeidet vart stoppa allereie same året. Planlegginga hadde vore for dårleg. Fagfolka kom etterkvart fram til at den beste måten å produsera zink på, ville vera den elektrolytiske måten.

A/S Hardanger Jern og Stålverk i Tyssedal Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Ny start

I 1927 starta anleggsarbeidet opp att. Trass i ein streik innan bygningsfaget sommaren 1928, gjekk arbeidet med zink-fabrikken utan større problem. I januar 1929 arbeidde heile 920 mann på anlegget Eitrheimsneset. 670 arbeidde for Zinken, resten hos entreprenørane.

Då fabrikken kom i drift, trong ein berre 300 mann. Fabrikken starta ei rasjonalisering, og mange vart sagt opp.

Som ei fylgje av verdas finanskrise i 1930-åra, måtte fabrikkane i Odda seie opp mange arbeidarar. Folk forbanna moderniseringa og råstoffmangelen. Men Zinken klarte å koma seg gjennom den vanskelege tida med full utnytting av tilgongen på krafta, og verket sin kapasitet. Kvaliteten på zinken var god, noko som vitna om stor dyktigheit frå arbeidarar og leiing.

Elektrolyseprosessen er ømtåleg, set store krav til den kjemiske rensinga, og krev nøye kontroll på alle trinn. Det kjemiske laboratoriet på Zinken var heile tida sentral, og dyktige kjemikarar utvikla metodar og analyseteknikkar som framleis vert nytta.

Det var ei stor utfordring at ein ikkje makta å løysa ut meir enn 85 til 90 prosent av zinkinnhaldet i konsentratet. Resten av zinken var festa til jern i såkalla ferriter - eit avfall som kunne innehalda opptil 500 tonn zink i året. Håpet var at framtidig teknologi ein gong skulle makta å utvinna zinken frå jernet, difor valde ein å lagra avfallet innst i Eitrheimsvågen.

Den tidlegare så idylliske fiske- og badeplassen vart raskt forvandla til ein avfallsplass full av brun-raud sørpe. Det skulle ta nesten femti år før ein utvikla ei betre løysing på problemet.

Anleggsarbeidar på Eitrheimsneset i 1927 Nathalie Lubowidsky, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Maurice Caron

Mannen som hadde fått Louis Hauzeur til å sjå til Norge for å byggja opp zinkindustrien, var ein stor Norgesvenn. Frå 1923 sat han i representantskapet for DNN - Det Norske Nitridaktieselskap, og frå 1924 i Aktieselskapet Tyssefaldene sitt representantskap. Her vart han verande i fleire tiår, som ordførar frå 1946.

Den 11. desember 1924 gifte Caron seg med norske Sunniva Wilhelmine van Kervel Barth, dotter av Heyn van Kervel Barth, direktør for handelsavdelinga ved Norsk Hydro frå 1907. Barth hadde studert kunst mellom anna i Paris.

Maurice Caron var pådrivar for å få etablert La Maison de Norvege, eller Norges Hus - eit hybelhus for norske studentar - i Paris. Arbeidet med å få realisert idéen om huset gjekk føre seg frå 1927 til huset endeleg vart bygd i 1954.

Rolf Andvord - den norske ambassdøren i Paris frå 1948 til 1958 skriv i si bok "Med hånden på hjertet" om etableringa av Norges Hus:

Den som bidrog til at alt gikk så bra var Maurice Caron. Jeg har gjennom nesten 50 år i utenrikstjenesten sett mange utlendinger gjøre god og entusiastisk innsats for Norge; men alt blekner ved siden av hva Maurice Caron, varmt stimulert av sin norskfødte frue, ved denne og andre anledninger har gjort for vårt land.

I mars 1933 vitja den franske finansministeren Noreg. Med i fylgjet var Maurice Caron, Louis Hauzeur og Gustav Bruusgård. Stader dei skulle innom på si reise, var Oslo, Bergen og Odda.

Caron sat i DNZ sitt styre i nær 50 år.

Bygging av Nordag-anlegget på Eitrheimsneset under krigen. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Krig

Då andre verdskrig braut ut, vart det brudd på samarbeidet med leiinga i Asturienne og dei oversjøiske malmleverandørane. Produksjonen måtte no basera seg på dei beskjedne mengdene malm norske gruver kunne levera. Zinkfabrikken makta likevel å halda folk i arbeid. Alle dei tre Oddabedriftene vart sett under tysk forvalting, men klarte å sysselsetta så mange arbeidarar som mogleg, sjølv om det ikkje alltid var naudsynt. Dette vart gjort for å hindra at dei som ikkje hadde arbeid måtte gå i krigsteneste hos tyskarane.

Då tilføringa av malm vart for liten, måtte Zinken stoppa produksjonen i september 1940. Det vart då sett i gang utearbeid for 250 mann. Norsk malm gjorde at ein snart kunne ta opp att produksjonen, men det var eit finansielt utarma og teknisk tilbakeståande anlegg i forfall då freden endeleg kom i 1945.

I juli 1945 vart dei første kontraktane mellom Zinken og malmleverandøren Boliden Gruveaktiebolag i Sverige, underteikna. Zinkkonsentrat vart no jamnleg sendt frå Boliden i Sverige til Det Norske Zinkkompani på Eitrheimsneset.

1950-åra vart ein god periode for selskapet. Fornying, rasjonalisering og modernisering prega arbeidet ved bedrifta. Gode konjunkturar og tilfredsstillande inntekter danna ein solid ryggrad. Leiinga var positive til framtida.

På 1960-talet auka behovet for straum, og ein byrja å sjå på dei gamle planane med å ytterlegare byggja ut Tyssovassdraget på nytt. Ny konsesjon vart gitt, dei tre Odda-bedriftane stod for finansieringa og skulle produsera 50Hz straum mot at staten knytta det nye kraftverket til samkøyringsnettet.

Zinken, Smelteverket og DNN aluminium fekk levert kraft frå Tysso II for fyrste gong i 1967.

I 1965 hadde Asturienne valt å selja halvparten av aksjane sine i Zinkkompaniet til Boliden. Zinken hadde no tilgang på gode og varige råvarer, og Boliden la vekk sine planar om eit eige zinkverk i Sverige.

Forureining av Eitrheimsvågen Kraftmuseet arkiv

Miljøutfordringar

Då Miljøverndepartementet vart oppretta i 1972, måtte bedriftane sjå meir på bevaring av miljøet. Dette vart noko dei tidlegare ikkje hadde prioritert. Avgassar frå røsteanlegget og svovelproduksjonen hadde skada vegetasjonen i området rundt fabrikken, støv frå den ferdigrøsta zinkmalmen og avfall frå lutinga forurensa jordsmonnet rundt verket. Frukthagane som tidlegare hadde blomstra på Eitrheim vart øydelagde. I 1960 gjekk gardbrukarane på Eitrheim og Tokheim til rettsak mot bedriften. Etter ei lengre rettsak vart Zinken pålagt å betala bøndene i overkant av 100 000 kroner pluss eit årleg beløp fram til 2006.

Dei største miljøproblema har likevel vore forureininga i fjorden. I byrjinga vart det akseptert som riktig og forsvarleg å dumpa dei metallurgiske avfallsstoffa i Sørfjorden. Ein trudde at dei store vassmassane som vart tilførd Sørfjorden frå fossar og elver ville vera ei tilstrekkeleg fortynning av stoffa. I tillegg vart det slept ut svovelsyra, fluor og teknisk jarositt. Jarositten inneheld tungmetall som jern, sulfat, bly, kobbar, kadmium, sølv og zink. Målingar kunne i 1972 konstatera at innhaldet av kvikksølv i fisken i Sørfjorden hadde auka kraftig. Myndigheitene anbefala at ein ikkje åt for mykje av den lokale fisken.

I 1986 vart dei første fjellhallane sprengt ut i fjellet Mulen, nord for Eitrheimsneset, der Zinken skulle deponera reststoffer. I 2019 var fjellhall nummer 20 ferdig.

I 2022 starta Boliden ei storstilt utbygging av det som heiter Green Zinc Odda. Investeringane er på fleire milliardar. Ein kan trygt seie at det ser ut til å verta ei "Skinande metallisk framtid" for Boliden og Odda, for å bruka uttrykket frå forfattar Kjartan Fløgstad.

Frukttre og tomteland på Eitrheimsneset før industriutbygginga. Nathalie Lubowidsky, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Zink

Zink finst naturleg i miljøet. Dei fleste steinsortar inneheld zink i ulike mengder, og zink finst naturleg i luft, vatn og jord. Grunna vêr og erosjon av stein, jord og avleiringar, saman med vulkansk aktivitet og skogsbrannar, vert zink transportert naturleg rundt i miljøet.

Til prosessindustrien kjem zink som malm frå gruvene i form av eit konsentrat. Dette konsentratet inneheld om lag 50% zink, og om lag 30 % svovel, medan resten er jern, bly, kadmium, koppar o.a. Konsentratet vert opparbeidd til zink i fire hovudprosessar.

Røsting

Konsentratet vert brent ved ca. 950°C med rikeleg tilgang på luft. Slik vert svovel omdanna til svoveldioksyd. Ytterlegare oksygen og vatn vert tilført, og svovelsyre vert danna. Zinken i konsentratet vert omdanna til oksyd, noko som og skjer med dei andre metalla. Oksydblandinga vert kalla calsine.

Lutning - rensing

Calsinen vert løyst opp i svovelsyra slik at ein får ei oppløysing av zinksulfat. Dei andre metalla vert fjerna frå oppløysinga.

Elektrolyse

Zink vert felt ut som metall på katodane i elektrolysecellene. Etter eit døgn med utfelling vert zinken "strippa" - skrelt - frå dei 3 mm tjukke katodeplatene. Under elektrolysen vert dei positive ionane (kationane) reduserte med at dei tek opp elektronar frå den negative elektroden (katoden). Samstundes vert dei negative ionanen (anionane) oksidert med at dei gjev frå seg elektronar med den positive elektroden (anoden). SNL

Utstøyping

Zinkplatene frå elektrolysen, kalla katodeplater, vert til sist sortert etter kvalitet, smelta og støypt ut i blokker.

Bruk av zink

Som korrosjonsbeskyttelse ved galvanisering av jern og stål. Zinkkvitt til pigment vert bruka i maling, bilgummi, plast, glass, porselen, medisinar. Zinklegeringar til leikebilar (t.d.Matchbox). Plater til fasadar og tak.

Du kan lese meir på Store Norske Leksikon

Kjelder:

Jubileumsboka frå Norzink AS Odda Den klareste flammen i ildens by 1924-1984. Redaktør Svein-Yngve Madssen

Aktieselskabet Tyssefaldene 1906-1956

Industrimuseum.no

Kraftmuseet arkiv

Rolf Andvord: Med hånden på hjertet (1964)

Studentene fra 1896: minneblad

Oscar F. Rostrup: Norges hus i Paris 1954-2004

Share to