Trafikkulykke ved Espelandsfossen, bergingsmannskap hentar ut passasjerar.
Ulukka som førde til at ein HSD-buss hamna ute i den flaumstore Opo-elva, hende den 7. mai i 1949. Utforkøyringa skjedde etter at ein drosjebil som var i ferd med å passera bussen,...
Ulukka som førde til at ein HSD-buss hamna ute i den flaumstore Opo-elva, hende den 7. mai i 1949. Utforkøyringa skjedde etter at ein drosjebil som var i ferd med å passera bussen, kom borti framhjulet på bussen, og at det verka som bilane ei stund «hekta seg saman». Også drosjen skar etterpå ut, men vart ståande i elvekanten på nedsida av vegen. Bussen vart liggjande på sida ute i den strie elvestraumen. Det vart utført ein redningsbragd av dei store, og utruleg nok var det ingen som miste livet.
-Eg var med i bussen, fortel Betty Olsson. Ho hugsar at bussen raskt vart halvfull av vatn, men at alle på ein eller annan måte kom seg i land. Med hjelp av folk som kom til staden var det lagt ut ein lem til grinda bussen hadde på taket, og passajerane vart hjelpte i land.
-Men det heldt på å gå skikkeleg gale for ein eldre mann. Han var på veg nedover elva, men folk fekk utruleg nok tak i han litt lenger nede, fortel Betty Olsson som miste alt ho hadde med av klede og sko.
Gunvor Lekve var også med på ulukkesturen. Ho fortel at mange av passasjerane fekk kutt og småskader då bussen gjekk utfor og velta i elva.
-Om vi kom oss ut takluka eller eit sidevindauge er eg ikkje sikker på, men det var ein god del folk med på turen, og alle kom altså frå det med livet i behald.
Fotograf på staden var Olav Meland, far til Knut Meland, sjåfør hjå Odda Rutebuss.
Bussen registrert L-9036 (se bildet) var en Scania-Vabis 1948-modell. Den tilhørte Haugesund-Sunnhordland-Ryfylke Billag, seinere gikk dette selskapet inn i H.S.D. Bilane. Bussen må ha blitt reparert etter ulykken, og karosseriet bygd opp igjen. Den var i trafikk hos H.S.D. Bilane helt til 1965.
Sveinung Berild,
October 17, 2019

Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».
2 comments
Sveinung Berild, October 17, 2019