History
-
- Kolalageret stod på pilarer i kaiområdet i Eitrheimsvegen ved Brotateigen. Koks og kol kom ofte frå England med båt, men også småbåtar frå distriktet leverte. Bønder kom med ved som vart seld vidare. Kolalageret var eineforhandlar av ved og koks i Odda. Om lag 400 tonn kol og koks var lagra her. I byrjinga vart hest brukt til transporten. Seinare fekk lageret ein ett-tonns Chevrolet lastebil. Under krigen produserte Kolalageret Knott som vart brukt som drivstoff til bilar. Lageret vart også kalla "Odda Kul & Koks", og vart drive av to bergensarar, Kola-Nilsen og Sørensen då lageret vart bygd i 1909 til 1917. Jakob og Endre Digranes tok over i 1928. Endre Digranes arbeidde der til han vart 75 i 1974. I mars 1986 vart bygget rive, og kommunen fylde ut med steinmassar frå Zinken sine fjellhallar. Leif Bay, som også tok over Aga-bygg i 1980, bygde forretningsbygget sitt på tomta etter Kolalageret på 1990-talet. Her finn ein i dag (2025) m.a. Jernia.
Fotografering: 1938 (CA)
Classification
License information
Metadata
- Identifier I-02014
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated October 7, 2025
- DIMU-CODE 011012856203
- UUID 4af3a5c9-8735-49d2-a34c-6589c5bbb9e8
- Tags
2 comments
Ivar E. Stav, March 28, 2016
Ibar E. Stav, March 28, 2016
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».