Huset "Ulvahiet" brann ned få år etter at det var bygt (brann ca 1913). Fotoet er tatt etter at det var bygt opp att, sidan vi ser at det er montert mottak for starum oppe på vegge ...
Huset "Ulvahiet" brann ned få år etter at det var bygt (brann ca 1913). Fotoet er tatt etter at det var bygt opp att, sidan vi ser at det er montert mottak for starum oppe på veggen. Huset vart totalskadd under bombinga i Odda den 23. april 1940. Huset også kalt "Boston". Svært mange leigebuarar, mange anleggsarbeidarar frå alle kantar av landet, og svenskar. Mykje støy og bråk.
Bustadhuset kalla "Ulvahiet" låg i Straumen. Ein Martinussen dreiv røyrleggjarfirma i nordenden der vi ser at det er annleis vindauge. Martinussen eigde huset. Han hadde eigne arbeidsfolk og fleire av dei tilsette ved smelteverket som leigetakarar. Huset var visstnok også kalla "Boston". På sørsida ser vi gangbrua som gjekk over Opo frå Ragde / Straumen til Odda-sida. Brua var den einaste bruforbindelsen i området inntil køyrebrua vart opna i 1919. Bak t.h.: huset til Christophersen. Oppe i lia til høgre; husmannsplassen Ragdehagen. Ein gangveg kan skimtast i lia mellom plassen og Christophersen sitt hus. Det er vanskeleg å sjå om køyrevegen (Tyssedalsvegen) er bygt bak Ulvahiet.
Fotografering: 1920
(ca)
Eierskap
Positiv fått av Randi Marie Hansen, født Prestegård
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».