Share to
Musea i Sogn og Fjordane har tilsaman 13 ulike anlegg, spreidde over heile fylket. På våre museum kan du lære om korleis folk i Sogn og Fjordane har levd og budd, du kan møte kunstverk til kjende kunstnarar frå heile fylket, og lære om norsk reiselivshistorie i Balestrand. Sjå heimesidene våre for meir informasjon.
Om Musea i Sogn og Fjordane
Musea i Sogn og Fjordane vart skipa i 2009, og er det konsoliderte museet for Sogn og Fjordane. Det inneheld avdelingane Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.
Avdelinga Nordfjord Folkemuseum ligg på Sandane og er regionsmuseum for Nordfjord. Les meir på www.nordfjord.museum.no
Avdelinga Kystmuseet i Sogn og Fjordane er regionmuseum for kystkommunane i Sogn og Fjordane og har administrasjonsstad i Florø. Les meir på www.kyst.museum.no
Avdelinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum har administrasjonsstad i Førde og er det konsoliderte museet for Kunstsenteret og kunstmusea i fylket. Les meir på www.sfk.museum.no
Avdelinga Sunnfjord Museum er regionmuseum for kommunane i Indre Sunnfjord og ligg i Movika like aust for Førde sentrum. Les meir på www.sunnfjord.museum.no
Avdelinga De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er regionmuseum for kommunane i indre og midtre Sogn og ligg på Kaupanger i Sogndal kommune. Norsk Reiselivsmuseum er konsolidert med De Heibergske Samlinger. Les meir på www.dhs.museum.no