Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM), forvaltar om lag 1450 kunstverk frå 1852 og fram til i dag. Dei fleste verka er laga etter 1970. Samlinga byr på regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk, med nokre internasjonale innslag. Verka er laga av om lag like mange kvinner som menn; ein sjeldan kjønnsbalanse i norsk museumssamanheng! Kunstverka er kjøpt, gitt eller deponert til museet. Her finn du unike verk av både kjende og meir ukjende kunstnarar. Gjennom verka får du eit innblikk i kva kunstnarane har sett, tenkt, skapt og ønskt å formidle vidare. Dei fortel historier om det å vere menneske, om naturopplevingar, om politisk engasjement og om rein estetisk leik med form og farge.

Om Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum er ein arena under Musea i Sogn og Fjordane. Museet har administrasjonsstad i Førde.

Visit us

Share to