Share to
Korleis er det eigentleg å arbeidet på havbotnen?
Maximum attendees
30
Duration
1,5 time
Time period
Heile året
Cost
Free
Undervisningsopplegget omhandlar kjerneelementet teknologi innanfor naturfag.
Opplegget er ein praktisk og leken inngang til alle som ynskjer å lære om industri og industriteknologi. Me tek utgangspunkt i utstillinga "Ned i dypet" som har fokus på subseaverksemda knytta til oljeindustrien.
Ofte krevjar olje- og gassutvinning arbeid på havbotnen. I byrjinga vert dette arbeidet utføra av dykkarar. Dette arbeidet var farleg, og risikoen sette grenser for kor djupt ein kunne gå for å produsere olje og gass. Etter kvart tok ein i bruk fjernstyra undervatnsfarkostar (ROV) og anna undervatnsteknologi som har føra til at det er rimelegare, sikrare og meir effektivt å produsere olje og gass. Ny teknologi har medføra at det er mogleg å utforska og erobra område som ein ikkje hadde tilgang til før. Mykje av denne teknologien kan også overførast til andre arenaer, slik som havvind eller arbeidet med omstilling til grøn energi.
Etter ein kort introduksjon og gjennomgang av forskjellige subseateknologiar får elevane prøve seg på praktiske oppgåver. Dei får erfare sjølve kva utfordringar ROV-ar og dykkarar opplever under sitt arbeide.