SAMAN

article image

Årets temporære utstilling er «SAMAN». Utstillinga omhandlar korleis folk i Nordfjord har levd saman gjennom historia. Til alle tider har vi budd og levd saman på ein eller annan måte. Historisk har formålet med samlivet vore forskjellig. Det har også alltid funnest folk som levde på andre måtar enn fleirtalet, og synet på dei har variert oppgjennom tidene.

I utstillinga tar vi føre oss det eldre bondesamfunnet, arbeidsfellesskap, kjernefamilien og til det moderne samfunnet, og viser dette gjennom bruk av gjenstandar frå samlinga.

I det eldre bondesamfunnet var dei einskilde hushalda produksjonseiningar som bestod av bonden, bondekona, barna, kårfolk og tenestefolk, som alle hadde sine oppgåver. På 1800-talet vart kjernefamilien, som bestod av foreldre og barn, eit nytt ideal. Familien vart meir ei konsumeining enn ei produksjonseining, og det var ikkje arbeidsfellesskapet, men følelsane som knytte familiemedlemmane saman.

På byrjinga av 1900-talet slo det nye familiesynet også rot i bondesamfunnet og arbeidarklassen. Kvinnefellesskapet og mannsfellesskapet vart i stor grad erstatta av par-fellesskapet. I vår tid er vi også opptekne av at følelsar skal styre korleis vi vel å leve liva våre. Familiane er meir samansette igjen, samstundes som om lag 40 prosent av hushalda i Noreg består av éin person.

Maximum attendees

30

Place

Nordfjord folkemuseum, Gota, Sandane, Norge se kart

Duration

1 time

Time period

Mars- Desember

Cost

Free

Other info

Dette er eit tilbod til alle alderstrinn i barnehage og skule

Skuletilbod

Saman er ei utstilling som står ut året 2025. Vi ønskjer at så mange som mogleg skal få mogleheita til å sjå denne utstillinga før det blir tatt ned, difor ønsker at dette tilbodet er open for alle alderstrinn. Vi på Nordfjord Folkemuseum tilpassar opplegget etter kva for alderstrinn som kjem på besøk.

Opplegget vil starte med ein ovisning av museumspedagog der klassa får ein introduksjon til utstillinga. Elevane vil så få ei praktisk oppgåve som er tilpassa deira alderstrinn og læremål. Oppgåvene kan vere å teikne eit familiemedlem, lage ein kjærestegåve eller løyse oppgåver med spørsmål i frå utstillinga.

Informasjon til Lærar

  • Museet må få beskjed om det er elevar med enkelte behov som vi må ta hensyn til. Dette er for at vi skal kunne tilby best mogleg oppleving for alle invlolverte.
  • Dette opplegget er innandørs.

Digital utstilling

Order form

More school experiences

School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Truede og hetsede måkefugler

Haldenvassdragets kanalmuseum

Naturfag grades 5 - 7 grades 8 - 10

Share to