Share to
Korleis var ungdomstida i det gamle bondesamfunnet? Kor lenge gjekk ein på skule, og kor gammal måtte ein vere for å starte å arbeide? I dette skuleopplegget skal vi sjå nærare på ei spesiell gruppe, nemleg dei ungdommane som valde å gå ut i teneste som terne og dreng.
Duration
2 time
Time period
April - Oktober
Cost
Free
Other info
9. Klasse
Competency goals
- 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)
Museumsbuss for 9. trinn
Gratis museumsbuss er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Les meir om vilkår på denne sida
Pedagogisk gjennomføring
Dette opplegget er ei forlenging av «Den gamle garden», der vi skal sjå på livet på garden i det førindustrielle samfunnet. Her har vi eit større fokus på å sjå gjennom auga til terna og drengen som var i teneste på garden.
Korleis var livet for ungdomar i det førindustrielle samfunnet? Skulegongen var som regel ferdig når ein vart konfirmert, men var ein vaksen då? Kor lenge kunne ein vere heime, og kva moglegheiter hadde ein ungdom frå Nordfjord?
Under denne tida på museet frå elevane kome inn i fleire av bygningane i friluftsmuseet, for å lære om korleis desse var i bruk. Dei får òg moglegheita til å prøve seg på fleire praktiske oppgåver og lære om livet på garden gjennom aktivitet i stedet for å sitte i eit klasserom