Share to
Kva er nervefeber, og kva i all verda har det med sild å gjera? Bli med tilbake til perioden 1850 - 1870 og sildefiske i Kinn. Ei tid der fleire jakta på havets sølv og budde som sild i tønne. Korleis var eigentleg levekår, hygiene og kosthald på denne tida? Førebu dykk på ein smak av vassgraut, tørrsild, kolera, lepra og mykje anna i skjønn harmoni.
Maximum attendees
30
Duration
2 skuletimar
Time period
Hausten 2024: veke 44-47 og våren 2025: veke 6-9
Cost
Free
Other info
9. trinn NB! Meld frå eventuelle allergier ved påmelding.
Competency goals
- 8. - 10. trinn: Mat og helse (MHE01-02)
Museumsbuss for 9. trinn
Dette er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Les meir om vilkår på denne sida.
Pedagogisk gjennomføring
- Oppmøte i kafeen på Kystmuseet. Generell informasjon gis om opplegget for dagen.
- Formidlar held eit kort foredrag med bilde- og videovising. Elevane får her ein innføring i folkehelse og kosthald i perioden 1850-1870.
-
Elevane blir så delt i to grupper:
Ei gruppe skal lage vassgraut etter gamal oppskrift. Dei blir oppfordra til å smake på grauten. Elevane for også lære seg å rense tørrsild, ikkje minst å smake på tørrsilda. NB! Her må lærar vere aktiv i å veilede og hjelpe elevane.
Ei gruppe blir med formidlar inn i Båthallen. Der får dei lære om sildefiske på 1860-talet og levekåra på den tida.
Desse aktivitetane skjer parallelt. Halvvegs bytar gruppene aktivitet.
-
Om det blir tid etter at alle har vore innom begge aktivitetane, så tek vi ein liten aktivitet til mot slutten.
-
Avslutning: kort oppsummering og farvel.