Share to
I ein ekte amerikansk prærielandsby fortel vi om kulturmøte før og no, med utgangspunkt i den norske utvandringa til Amerika. Bli kjent med utvandringa gjennom aktivitetar og læring.
Maximum attendees
etter avtale
Duration
3 timer
Other info
Opplegg med tal aktivitetar etter avtale. Utandørs aktivitetar. Hugs klede etter vær. Mulighet for å nytte bålpanner. Kontakt for bestilling vestnorsk.utvandringssenter@muho.no
Competency goals
- 5. - 7. trinn: Engelsk (ENG01-04) and Samfunnsfag (SAF01-04)
Elevane får ein introduksjon til historia og omvisning i nokre av husa. Mellom husa i Prærielandsbyen har vi aktivitetar med utgangspunkt i kva den norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette og etablere seg i Amerika.
Aktuelle aktiviteter kan vera:
-
Pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre
-
Luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar
-
Lasso som vart nytte til å samle kveg
-
Leikar kjent for born både i gamlelandet og i Amerika
-
Gullgraving
-
Prøv tidsriktige klede for jenter og guter
-
Ta Amerikabilete framfor flotte bakgrunnar slik at du kan ta dine eigne og sende heim
-
Skrive Amerikabrev, der ein fortel om korleis ein har det, om lengt, og om gode og vonde sider ved reisa og det nye tilværet
-
Bålpanne med leirstemning og cowboymat
Formålet med opplegget er refleksjon og å trekke parallellar mellom 18-1900-talet sin utvandring FRÅ Europa, til dagens migrasjon, både når det gjeld flyktningar TIL Europa, og arbeidsinnvandring i Europa.
Kunnskapsmål både innan for faga historie, samfunnsfag og geografi er aktuelle, der kulturmøte og flyktningar er tema, og elevane får innsikt i kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning.
Vi tek også for oss kva eit samfunn er, og reflekterer over kvifor menneske søkjer saman i samfunn, bruk av ulike kulturelle symbol og kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur.