Ryfylkemuseet

Ryfylkemuseet er regionmuseum for 8 kommunar i Ryfylke - Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy.

News

About Ryfylkemuseet

Ryfylkemuseet er regionmuseum for 8 kommunar i Ryfylke - Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Regionen omfattar, øy-, fjord- og fjell-landskapet i Rogaland og har eit folketal på ca. 30.000.

Hovudsetet til museet er på Sand, men museet er kjenneteikna av at det har mange museumsanlegg som står på sine opphavlege stader kring om i bygdene. I alt har vi kring 20 avdelingar med smått og stort i Ryfylke-kommunane.

Ryfylkemuseet blei etablert som regionmuseum for Ryfylke gjennom ein avtale mellom styret i det dåverande Rogaland Folkemuseum og Rogaland fylkeskommune i 1980. Det praktiske arbeidet med utviklinga av museet starta då det blei etablert nytt hovudsete på Sand året etter.

Det tidlegare Rogaland Folkemuseum var skipa i 1936. Meininga var at det skulle byggast opp eit folkemuseum ved Mosvatnet i Stavanger med bygningar frå Jæren, Ryfylke og Stavanger. Men grunnleggarane av museet lukkast ikkje med å gjennomføre denne planen, og dei bygningane som museet etterkvart fekk hand om blei ståande på sine opphavlege tufter. På den måten blei Rogaland Folkemuseum etterkvart eit unikt museum med dei fleste av samlingane ståande på "rot".

Ryfylkemuseet forvaltar vel 70 bygningar, 20 000 gjenstandar, nesten 100 000 fotografi og ei betydeleg samling av privatarkiv.

Ryfylkemuseet er takksame for alle tilbakemeldingar som kan hjelpa oss i arbeidet med å kvalitetssikra digitale registreringar i vår database.

You'll find us here

Share to