Marta Hoffmann (1913-2001)

Foto: Marta Hoffmann/Norsk Folkemuseum

Tekstilterminologi og dokumentasjon av oppstadveven i levande tradisjon i Noreg er noko av det viktigaste som står att etter Marta Hoffmann.

Foto: Norsk Folkemuseum

Marta Hoffmann var utdanna kunsthistorikar, men ho var med på å utforme faget etnologi. Hoffmann vart ofte omtala som etnolog, og ho underviste i etnologi ved Universitetet i Oslo i mange år. Som nyutdanna i 1940 vart ho tilsett ved Norsk Folkemuseum, fyrst som voluntør, sidan vart ho konservator.

Hoffmann jobba mykje med tekstil, fiber og vev, og ho skreiv doktorgradsavhandlinga si om oppstadveven. I avhandlinga set ho ein levande norsk og samisk tradisjon inn i ein internasjonal kontekst. Dette arbeidet har vore med på å plassere Hoffmann blant dei fremste tekstilforskarane i Norden.

I 1959 vart ho ein del av ei arbeidsgruppe med andre nordiske tekstilforskarar. Saman arbeidde dei fram ein felles nordisk tekstilterminologi. Terminologien er framleis i bruk blant dei som arbeider med tekstil og tekstilhistorie, og har hatt mykje å seie for utviklinga av feltet.

Marta Hoffmann var mangfaldig som forskar. Ho forska mellom anna på byggeskikk og husflid, og ho brann for å dokumentere bruk av ulike reiskapar og arbeidsmetodar før dei gjekk i gløymeboka. Norsk etnologisk gransking (NEG) vart oppretta i 1946, på bakgrunn av eit initiativ frå Hoffmann. NEG finst framleis som kulturhistorisk arkiv ved Norsk Folkemuseum.

Hoffmann arbeidde aldri direkte med bunad, men ho er like fullt ein av dei viktigaste tekstilforskarane våre, både nasjonalt og internasjonalt.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

Marta Hoffmann was educated as an art historian but played a part in developing the subject of ethnology. Often referred to as an ethnologist, Hoffmann taught the subject at the University of Oslo for many years. As a graduate in 1940 she was employed by the Norwegian Folk Museum, first as a volunteer before becoming a curator.

Hoffmann worked a great deal with textiles, fibers, and fabrics, and she wrote her doctoral thesis on the warp-weighted loom. In her thesis, she placed a living Norwegian and Sami tradition into an international context. This work helped to position Hoffmann among the foremost textile researchers in the Nordic region.

In 1959 she became part of a working group alongside other Nordic textile researchers. Together they developed a common Nordic textile terminology. This terminology is still in use among those who work with textiles and textile history and has had a lot of influence on the development within this field.

As a researcher, Marta Hoffmann was multifaceted. Among other subjects, she conducted research into building practices and handicrafts; she was also passionate about documenting the use of various tools and working methods before they were forgotten forever. Norwegian Ethnological Research (NER) was established in 1946 on Hoffman’s initiative, and still exists as an archive of cultural history at the Norwegian Folk Museum.

While Hoffmann never worked directly with the bunad, she is still one of our most important textile researchers, both nationally and internationally.

This article is a part of the exhibition Leading Ladies in Bunad

Vevstein Foto: Valdresmusea
Vevstein Foto: Valdresmusea

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to