Frå utstillinga på Valdres Folkemuseum
Frå utstillinga på Valdres Folkemuseum Anne Marit Noraker/Valdresmusea

Valdresrosa

Valdresroser, også kalla låveroser, er eit dekorativt element som finst på ytterveggen av flere låver i Valdres. Dei kom hit frå Tyskland, via Amerika, og er blitt eit typisk kjenneteikn for dalføret.

Det var Erik Erikson Mo (1870-1950) frå Rogne i Øystre Slidre, som laga dei første låverosene i Valdres. Han hadde vore i Amerika i seks år frå 1892 og vart nok inspirert av utsmykninga på pennsylvaniatyskernes låver i USA. Han kan også ha fått kunnskap om bygningsutsmykning frå sin amerikanske læremester, som opphaveleg var frå Lippe i Westfalen. I dette området av Tyskland, som fleire av dei tyske innvandrarane kom frå, var det vanleg å utsmykke husveggane med både tekst og geometriske ornamenter, som stiliserte roser og stjerner inni sirkelformer.

Den tyske "de lippische Rose" skal ha vore eit kjent dekorasjonselement i folkekunst og lokale adelege våpenskjold heilt tilbake til mellomalderen. Dei religiøse sektene Mennonittar, Amish eller Dutch bur i fleire amerikanske statar og stammer delvis frå Rheinland, Westfalen eller Holland. I fleire av dei amerikanske statane har dei religiøse sektene låveroser kalla "hexagons" eller "hex signs". Desse kan vera folkekunst, symbol på fri eigedomsrett, eller trolldomssymbol som vern mot vonde makter, brann, lynnedslag eller sjukdom.

Erik Erikson Mo reiste heim og bygde ein rekke låvar i Valdres med låveroser i mange variantar, frå Øye i nord til Hedalen i sør. Læregutane hans bygde også fleire kvar med roser til ut på 1920-talet. Desse store raude låvene var typiske for tida. Tidlegare hadde ein fleire bygningar for dyr, fôr og avling, men med det store hamskiftet vart det vanleg å samle alt i ein stor driftsbygning.

Dokumentasjon av dei geometriske dekorasjonane i Tyskland og USA tyder ikkje på at de noen stader har hatt funksjon som omramming eller utsmykning av lufteluker. Erikson Mo utvikla nok sjølv dette sirkelrunde bygningsmotivet som ein dekorasjon over lufteopningen i mønet. Gamle låveroser består gjerne av mange deler og bak er det vanlegvis ei lufteopning. Nyare låveroser er spikra på veggen til pynt.

Regionrådet i Valdres lanserte i 2007 ein felles logo for dei seks Valdres-kommunene. Den har en hjarteform med dyrehovuder inspirert av ornament frå stavkyrkjeportaler. Logoen blir ofte omtala som «valdresrose», men har ingenting med låverosene å gjere.

Aars, Ivar (1997). «Valdresrose». Årbok for Valdres: Tidsskrift for Valdres historielag, s. 126–130.

Order this image

Share to