main article image

FOLK I EI KRIGSTID

På Osterøy museum har me ei samling portrett tekne av Albert Fotland (1888-1975), som i si tid vart ein dyktig og aktiv amatørfotograf. Portretta som me viser til her, er ein liten del av heile samlinga hjå Fotland som består av meir enn 600 fotografi. I 2001 hadde museet ei utstilling med desse spesielle fotografia, og dei kan framleis gjera inntrykk og ha ei tyding for oss i dag. Ein kan få kjennskap til ein liten del av korleis Noreg vart ramma av den siste verdskrigen, og kva konsekvensar det kunne få for lokalbefolkninga på ein stad som Osterøy.

Alle over 15 år måtte bere grensebuarbevis. Ukjent
Lilly Hanstveit
Ukjent

Utstillinga «Folk i ei krigstid»

Sjølve utstillinga i 2001 var eit samarbeid mellom Hordaland Fylkesarkiv (Fotoverntenesta), Osterøy museum og Osterøy vidaregåande skule (teikning, form og farge), og den vart presentert både analogt og digitalt. Eit av føremåla med den digitale framstillinga var å prøve ut databasar for fotomateriale som ein håpa kunne gje viktig overføringsverdi og kunnskap kring dei digitale moglegheitene. I ettertid har det som vert formidla digitalt vorte mykje meir tilgjengeleg for folk flest. Bileta som Albert Fotland tok til grensebuarbevis vil etter kvart finnast på Digitalt Museum si nettside.

Portretta til grensebuarbevis

Sjølve portretta vart tekne i dei fyrste krigsåra og vart brukte på grensebuarbevis. Dette var eit legitimasjonskort som måtte berast av alle vaksne personar i Noreg som budde innan ein viss avstand frå riksgrensa under krigen. Som innlandsøy på sørvestkysten av Noreg, vart blant anna grensebuarbevis påbode kring hausten 1940 (Osterøy i soge og samtid, 2009).

Grensebuarbevis frå Justismuseet sine samlingar Justismuseet
Grensebuarbevis frå Helgeland museum sine samlingar Fotograf ukjent

Personane vart avbilda ned til hoftepartiet, og ofte er to personar fotograferte saman. Under krigen var film kostbart, så utgiftene til fotografen kunne reduserast ved at bileta seinare vart klipte i to. Dei måtte sjølve gå til lensmannen med bileta då grensebuarbeviset skulle skaffast. Bileta er ei primærkjelde, og portretta hadde i all hovudsak ein spesiell funksjon for tida dei representerer.

Fotografia skulle ikkje setjast inn i album som eit minne frå ei spesiell hending, men brukast til å identifisere den som vart avbilda. Fotografiet fungerte som bevis på identiteten til personane. Stilt ovanfor ein tysk soldat vart attkjenning det avgjerande, og bileta skulle raskt formidle kven den avbilda personen var. Dei avbilda personane oppsøkte ikkje fotografen for å la seg portrettere, men alle vart plikta til det. Truleg ville dei aldri latt seg fotografere om det ikkje var for påbodet om attkjennande bilete på legitimasjonskortet. Dette kan spegla seg i motiva, fordi folk stort sett har på seg vanlege klede, og bileta har eit kvardagsleg og tilnærma nøytralt uttrykk.

Anna og Marie Herland
Ukjent

Om fotografen

Albert Fotland (1888-1975) voks opp på Løtveit på Osterøy, og hadde i heile sitt liv ei sterk tilknyting til øya. Fotland vart ein av dei mange som fekk interesse for fotografering som ung, og skaffa seg eige fotoapparat i ei tid dei færraste tok seg råd til noko slikt. Både interessa og kunnskapen heldt han ved like heile livet, og han vart etter kvart ein særs dyktig amatørfotograf som tok bilete av alt frå private samankomstar, til inventar i hus og heim, og ikkje minst av det storslåtte naturlandskapet på øya.

Fotland lærte å fotografere medan han gjekk i skomakarlære i Bergen. Han hadde god kontakt med fotograf Løtvedt som reiste mykje frå Bergen og inn til Osterfjorden for å fotografere. Etter at Fotland overtok heimegarden dreiv han som skomakar, og han hadde også noko arbeid på Herlandsfoss Kommunale Kraftverk der han vart fast maskinist frå 1928. Fotograferinga var hobbyen som han dyrka på fritida, også i krigsåra då han vart sett til å fotografere ein del av Osterøy si befolkning over 15 år.

Dessverre finst det ikkje dokumentasjon kring Fotland si eiga erfaring og tankar som amatørfotograf i ei tid då den andre verdskrigen også prega Osterøy.

Osterøy museum overtok i 1999 arkivet etter Albert Fotland.

Kjelder

  • http://www.muho.no/osteroy-museum/prosjekt/nettutstilling/folk-i-ei-krigstid
  • https://www.flickr.com/photos/osteroymuseum/albums
  • https://no.wikipedia.org/wiki/Grenseboerbevis
  • https://digitaltmuseum.no/search/?q=grenseboerbevis
  • «Osterøy i soge og samtid», Sogeskrift for Osterøy (2009)

Order this image

Share to