Albert Fotland (1888-1975) voks opp på Løtveit på Osterøy, og hadde i heile sitt liv ei sterk tilknyting til øya. Han fekk interesse for fotografering som ung, og skaffa seg eige f...
Albert Fotland (1888-1975) voks opp på Løtveit på Osterøy, og hadde i heile sitt liv ei sterk tilknyting til øya. Han fekk interesse for fotografering som ung, og skaffa seg eige fotoapparat i ei tid dei færraste tok seg råd til noko slikt. Fotograferinga var hobbyen som han dyrka på fritida, også i krigsåra då han vart sett til å fotografere ein del av Osterøy si befolkning over 15 år. Desse portretta vart tekne i dei fyrste krigsåra og vart brukte på grensebuarbevis. Dette var eit legitimasjonskort som måtte berast av alle vaksne personar i Noreg som budde innan ein viss avstand frå riksgrensa under krigen. Som innlandsøy på sørvestkysten av Noreg, vart blant anna grensebuarbevis påbode kring hausten 1940 (Osterøy i soge og samtid, 2009). Osterøy museum overtok i 1999 arkivet etter Albert Fotland.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».