Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. På banneret står det: «Riksmaalsforeningen paa daudesengi. Han bröd sig ikke om bröd!». Banneret var brukt av målrussen i russetoget17. mai 1914, og har ei spanande historie.
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. På banneret står det: «Riksmaalsforeningen paa daudesengi. Han bröd sig ikke om bröd!». Banneret var brukt av målrussen i russetoget17. mai 1914, og har ei spanande historie. Piotr Cabaj IKAMR/SEDAK / Nynorsk kultursentrum Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Banneret som overlevde bataljen

I februar 2021 fekk Nynorsk kultursentrum ei samling banner frå ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom. Mellom banner frå 1990- og 2000-talet med slagord som «Stogg språksensuren i Dagbladet!» og «griske GISKE gje oss NYNORSK data no!», var det eit av bannera som stakk seg ut. På dette er «Riksmaalsforeningen» måla som ein mann «paa daudesengi». Han får den siste nattverdsvinen frå presten Eriksen medan ein Lødrup sit og held handa åt den gamle. Endåtil tissepotta står under «daudesengi», og temperaturen til pasienten er allereie 0 grader. Under karikaturen står det kryptisk: «Han bröd sig ikke om bröd!». Kva var no dette for noko?

Eit av dei nyare bannera frå Norsk Målungdom-samlinga, truleg brukt i ein aksjon for mot engelske bedriftsnamn då kiosk-kjeda 7-Eleven kom til Noreg. Piotr Cabaj IKAMR/SEDAK / Nynorsk kultursentrum (Copyright)

Slåstkamp og språkstrid i russetoget

Banneret er knytt til ei valdeleg hending i den norske språkstriden (Grepstad 2022: 242). Datoen var 17. mai 1914, og fleire aviser rapporterer frå feiringane i hovudstaden. I eitt-tida gjekk russetoget, og korrespondenten til Nordre Trondhjems Amtstidende såg «en ildbølge av røde luer fosse i vei til Wergelandsmonumentet». Dagbladet meinte at russetoget «udmerket sig ved en hel del ganske humørløse faner.» Dei la syrleg til: «[m]en russen moret sig selv, og det var jo tilstrækkelig.»

Målrussen – altso avgangselevar som støtta nynorsk – bar det banneret vi har føre oss. Dette vart for mykje for riksmålstilhengjarane! Det braut ut «en voldsom, til dels blodig batalje, som endte med, at fanen blev revet ned av stangen under vilde hyl fra riksmaalsrussen, men faneduken erobredes tilbake av den haandfaste fanevagt» vert det skrive i Nordre Trondhjems Amtstidende. Signaturen H.R. i Indlandsposten skildrar at det bar «laust med Knyttnevar og Stokkar, so Blodet og Klædefillune dreiv. Men det var handfaste Karar, som varde Fana, so ho ikkje vart herteki av Overmagti, sjølv om Fana vart litt sundflengd.» Og flenga ser vi oppe på banneret.

Oslo-russ 17. mai 1914. Russen i Oslo stiller opp festkledd til fotografering - med plakatar og banner. Kanskje er nokre av målrussane på biletet? Neupert, Hermann Christian / Norsk Folkemuseum Public domain mark (CC pdm)

Karikerte riksmålsheltar

Kva provoserte fram slåstkampen? Sjølvsagt var det ein kvass bodskap å seie at Riksmålsforbundet – og indirekte riksmålet – låg på det siste. I ei tid der nynorsk vann fram som skulespråk i stadig større delar av Noreg trefte nok dette ein nerve.

Men òg dei karikerte personane kan vere noko av forklaringa. Hans Peter Elisa Lødrup (1885–1955) var på denne tida sekretær for Riksmålsforbundet og redaktør for Riksmaalsbladet. Alfred Eriksen (1864–1934) – ofte kalla Karlsøypresten – starta avisa Nordlys, var ein av dei fyrste stortingsrepresentantane for Arbeidarpartiet og var den tredje formannen i Riksmålsforbundet (1911–1916). To år før, i 1912, vart han ekskludert frå partiet, etter at Riksmålsforbundet hadde oppmoda veljarane til å berre røyste på kandidatar til stortingsvalet som stilte seg bak programmet deira. Landsmøtet i Arbeidarpartiet såg ikkje med blide augo på slike oppmodingar, som dei meinte undergrov partiet. Kan det tenkjast at ekskluderinga frå Arbeidarpartiet gjorde Eriksen til ein helt – eller ein martyr – for riksmålsrørsla?

Alfred Eriksen. L. Szacinski / Oslo Museum CC CC0
Hans Peter Lødrup. ukjent person / Oslo Museum CC CC0

Kvar kom «brödet» frå?

Kan forklaringa på «Han bröd sig ikke om bröd» vere at Eriksen er på banneret? Dottera Solvejg Eriksen skriv i boka «Brød i himmelen» at faren stadig vart «angrepet fordi han var prest. En prest skulle stå på kirkens prekestol og preke «brød i himmelen» som en slags erstatnings-gave ut i det blå til de fattige» og ikkje «befatte seg med noe så «verdslig» som å gå i spissen for sosial rettferd, brød til alle mens de levde» (Eriksen 1976: 110). Å tolke 110-årgamle riksmålsvitsar er ikkje beinkløyvd, og å sjå kva dette har med målsak å gjere er ikkje lett, men det er ei mogleg kopling.

Eit anna uløyst mysterium er kven som laga fana, og kva slags «handfaste» karane som «varde Fana». I dei mange skildringane frå målrørsla tidleg på 1900-talet har ikkje eg klart å finne ut kven dette var eller om målrussen i Oslo var organisert på noko vis.

Overlevde slagsmålet – og frå 1914 til i dag

Fana eller banneret overlevde heldigvis overfallet frå riksmålsrussen, og dukka opp i Aasentunet saman med Norsk Målungdom-samlinga i 2021. Truleg har banneret kome inn i arkivet til Studentmållaget i Oslo, og seinare hamna saman med dei hine bannera til Norsk Målungdom.

Kjeldeliste

Eriksen, Solvejg. 1976. Brød i himmelen. Historien om karlsøypresten og hans hustru. Et tidsbilde fra sosialismens første kampår og det mannsdominerte samfunn. Aschehoug.

H.R. «‘Dei 6 pst.’ og ‘Riksmaalet paa Daudesengi’». I Indlandsposten, 27.5.1914.

Grepstad, Ottar. 2022. Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912–2005. Samlaget.

Jaklin, Asbjørn. 2019. Forvandlingen. Historien om Alfred Eriksen. Sosialisten som ble rasehygieniker. Nordlys forlag.

Nesselid, Andr. «17de mai brev.» I Sogns Tidende, 26.5.1914.

«Russetoget». I Dagbladet 18.5.1914.

Solheim, John. 2024, 26.11. Hans Peter Elisa Lødrup. I Store Norske Leksikon.

Tjelmeland, Hallvard. 2024, 25.11. Alfred Eriksen. I Store Norske Leksikon.

«17. mai i hovedstaden. (Frå vor korrespondent)». I Nordre Trondhjems Amtstidende. 23. mai 1914.

*Dette er ei utvida utgåve av ein tekst som sto på prent i tidsskriftet Museum, nummer 1/2025, i spalta Museumsgjenstanden. *

Fleire banner frå Norsk Målungdom-samlinga

Sjå også skuleressursen «Ungt språkengasjement»

Share to