Menu 0
Close
Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur. Tunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp, og er ope heile året.

Ivar Aasen-tunet is a part of

About Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur. Tunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp, og er ope heile året.

I Ivar Aasen-tunet er det fem bygningar frå fire hundreår og eit uteamfi som har vore stemneplass i over hundre år. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn og heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg.

Hovudstammen i det vi har av tradisjonelle gjenstandar tek utgangspunkt i Ivar Aasen-samlinga. I denne samlinga er det Ivar Aasen sine eignelutar som utgjer dei første 225 gjenstandane. Mange av desse gjenstandane er ein del av basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet. Det blir elles arbeidd med å registrere tilvekst (samtidsdokumentasjon) i denne samlinga.

Ivar Aasen-tunet har også ein del biletkunst, fleire arkiv (både i eige og deponert), og svært mange trykte skrifter. Det er trykte skrifter som utgjer størsteparten av samlingane våre, først og fremst i form av Reidar Djupedal-samlinga.

Digitale bilete har vi òg ein del av, og det blir arbeidd med å rydde opp i desse samlingane. Dei viktigaste kulturhistoriske bileta vil bli publisert på Digitalt Museum etter kvart.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik som er under etablering. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen. 21 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga.

Ivar Aasen-tunet er ein del av Musea i Møre og Romsdal.

You'll find us here