Odda gamle og nye sjukehus, med lasarett til venstre.
Odda gamle og nye sjukehus, med lasarett til venstre. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Odda sjukehus

Sjukehuset i Odda vart bygd i 1918. Arkitekt var Ingolf Danielsen frå Bergen. I 1957 vart det bygd eit større og meir moderne sjukehus ved sida av det gamle. Arkitekt her var Per Grieg. Det nye sjukehuset var interkommunalt, og fekk namnet "Indre Hardanger sjukehus". Frå 1959 var namnet "Fylkessjukehuset i Odda".

Men det aller første sjukehuset fekk Odda i gåve i 1909.

Farlege tider

Distriktslegen i Ullensvang hadde Odda under sitt arbeidsområde, men behovet for ein stedlig lege auka, så det vart samla inn private tilskot for å lønna privatpraktiserande legar som ville slå seg ned her. Den første var doktor Olaf Kvam, som kom til Odda i 1903. Han var ikkje alltid i stand til å redda livet til pasientane sine under dei primitive forholda han måtte arbeida under.

Alvorleg skadde eller sjuke måtte sendast den lange vegen med båt til Bergen.

Ein liten gut hadde blitt sjuk, og foreldra sendte bud etter doktor Kvam. Han skjøna at det måtte vera ein blindtarmbetennelse, som berre kunne opererast. Det einaste doktor Kvam kunne gjera, var å senda barnet til Bergen. Men blindtarmen sprakk på den lange reisa, og guten døydde.

Doktor Kvam var ein av dei som arbeidde aktivt for å få etablert eit sjukehus i Odda.

Allereie i 1907 hadde det kome krav frå fagforeiningane til bedriftane om å få sjukehus til Odda. Men bedriftane fann det ikkje naudsynt å skaffa pengar til dette.

Hjelp frå direktørfruen og keisaren

Leonie Petersson, kona til direktøren på karbidfabrikken, Albert Petersson, var tysk, og engasjert i det sosiale arbeidet i Odda. Då den tyske keisaren Wilhelm II var på tebesøk hos direktøren sommaren 1908, tok Leonie opp bekymringane om mangelen på eit sjukehus.

Keisaren likte seg i Odda, og det var ikkje så heilt uvanleg at han kom med gåver til stadene han ferierte på. Same året hadde keisaren også gjeve tilskot til etterlengta brannhydrantar i Odda.

Året etter praten med Leonie, stilte keisaren med material og utstyr til sjukehuset. Avtalen var at kommunen skulle forplikta seg til å stilla med tomt og vatn, AS Tyssefaldene med den naudsynte elektrisiteten. Oddafabrikkane og kommunen skulle dela på utgifter til diakonisse.

Då bygget stod ferdig i 1909, inneheldt det operasjonsstove med tidsmessig utstyr og tre sjukerom med 3-4 senger i kvart rom. Dessutan eit lite kjøken, bad, toalett og opphaldsrom for dei som arbeidde der. Utstyret var tilsvarande eit feltsjukehus.

Dette første sjukehuset i Odda fekk namnet "Keiserbrakka". Det vart bygd på ei tomt i Mjøstølen, der Tjoadalen møter Bustetungata og starten på gangvegen opp Tungebrekke.

Gåva viste seg å verta dyr for kommunen, som ikkje hadde dei naudsynte midlane. Byggekommunen sine representantar tok opp eit personleg lån, slik at feltsjukehuset kunne stå nokonlunde ferdig til keisaren kom attende til Odda sommaren etter.

Odda soknestyre tok sin del av ansvaret, og avtala var at soknestyret og fabrikken delte utgifter til drift og andre forpliktingar, noko som gjorde at sjukehuset kunne takast i bruk innan sommaren 1910. Ei diakonisse vart tilsett, men ho var aleine om å ta seg av hushald og pasientar, og heldt berre ut eit par månader før ho gav opp og reiste frå Odda.

Sjukehuset vart midlertidig stengd.

På 1910- og 1920-talet herja epidemiar som tuberkulose, difteri og skarlagensfeber. Dei sjuke vart isolerte i Keiserbrakka.

Feltsjukehuset "Keiserbrakka" er ofte omtala som lasarettet, noko som skuldast at då Odda kommunale sjukehus sto ferdig i 1918 vart keiserbrakka omgjort til epidemilasarett. Eit anna bygg vart også sett opp og bruka som epidemilasarett. Det sto like nord for keiserbrakka, sør for Odda bedehus. Dette vart nytta som barnehage og klubbhus frå 1950 til 1970-talet. Det var dette huset som vart kalla "Lasarettet".

Etter 2. verdskrigen vart ikkje keisarbrakka nytta som sjukehus meir. Den vart gjort om til husvære for to familiar fram til den vart riven i 1952. Odda Kommunale forening stod for rivinga, og materiala vart nytta til hyttebygging for medlemmene. Etter rivinga anla kommunen parken nedst i Tjoadalen. Denne fekk namnet "Keiserplassen".

Odda Sygehus. Gave fra keiser Wilhelm Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Endeleg sjukehus

Odda vart eigen kommune i 1913, og behovet for eit nytt sjukehus var tidleg klart. I mars 1914 vart det sett ned ein sjukehuskomité som la fram si innstilling i juli 1915. Odda kommunale sjukehus skulle ta hand om kirurgiske-, medisinske-, og fødepasientar. Sjukehuset hadde 30 senger og det stod klart til innflytting hausten 1918. Byggekostnadane var i overkant av kr. 300 000,-

Utstyret var tidsmessig etter tilhøva på den tida. Likevel kom det ikkje på plass røntgenapparat før i juni 1928. Prisen på dette var kr. 17 701,81 og vart betalt av dei tre bedriftene og AS Tyssefaldene i fellesskap.

Døgnprisen for pasientar var kr. 6,- for dei som budde i kommunen, og kr. 10,- for alle andre.

Spesialist i kirurgi, Dr. Jan Haavik, kom til Odda hausten 1915, og vart tilsett som leiar av sjukehuset. Det vart også tilsett ei oversøster som og tenestgjorde som operasjonssøster. Elles var der tre sjukesøstre, ei jordmor, noko hjelpepersonell, ei bestyrerinne for kjøkenet og ein vaktmeister.

Sjukehuset hadde ikkje eit definert skilje mellom dei forskjellege avdelingane. Pasientane vart plasserte etter overlegen si tilvising, der det på tidspunktet for innlegging var hensiktsmessig, og der det var ledig plass.

Overlege Haavik sa opp stillinga ved sjukehuset i 1948, men fortsette som distriktslege i Odda fram til 1950.

Dr. Haavik

Doktor Jan Haavik var fødd i Strandvik i Midthordland 10. juli 1879. Foreldra var gardbrukarar. Jan og dei to brørne hans var energiske og evnerike, og gjekk den akademiske vegen. Jan Haavik tok medisinsk embetseksamen i 1906. Etter å ha praktisert som lege ei kort tid, fekk han tilsetjing som lege i Belgisk Kongo og var i Sentral-Afrika i tre år. Han fekk belgiske utmerkingar for arbeidet sitt der. Frå 1910-1915 praktiserte han ved sjukehus i Oslo, Bergen og Stavanger. Han var også løytnant i infanteriet i same tidsbolk. I 1915 slo han seg ned som lege i Odda, og kjempa hardt for å få Odda sjukehus bygd. Han var sjølvskriven som sjukehuslege då det vart teke i bruk i 1918. I 1924 vart han godkjend som spesialist i kirurgi. Han vart også distriktslege i Odda. Han hadde ei arbeidskraft som var utanom det vanlege. Han sat i Odda heradsstyre i 18 år, med eit par bolkar i formannskapet. Han var også med i skulestyret, kinostyret og mange kommunale nemnder. Politisk var han heller konservativ, men i sosiale spørsmål rekna for å vera radikal. Han var fritalande og impulsiv, og fekk ikkje berre vener. Likevel hadde han eit varmt hjartelag og ein ramsalt humor. Alle visste at dei kunne stola på at han som lege gjorde det som stod i menneskeleg makt, og naut ei grenselaus tillit frå pasientane.

Doktor Haavik utførte store og dristige operasjonar og berga mange menneskeliv. Han tok sjansar ikkje så mange andre legar ville ha teke. Som då han vart kalla ut til den same familien som eit par år tidlegare hadde mista sonen sin grunna blindtarmbetennelse. Denne gongen var det dottera som hadde same symptom. Dette var før sjukehuset var bygd, så doktor Haavik tilbaud foreldra å utføra operasjonen heima på kjøkenbordet hos dei. Fru Haavik var utdanna jordmor og skulle assistera under operasjonen. Foreldra var redde og nervøse, men stolte på doktoren, og sa ja. Alt gjekk bra og jenta vart heilt frisk.

Var det barn som var sjuke i store familiar med dårleg råd, tok ikkje doktor Haavik betaling, han hadde i det heile veldig omsut for barn.

Olav Ukvitne fortel om bror sin som ikkje var så glad i middagsmat. Han ba mor si heller kasta ut ei skjeva til han når ho ropte inn til middag.

"Ein gong doktor Haavik var hos oss hørte eg mor snakka med han om bror min og middagsmaten. - La gutten få skjeva og vær glad til, han er vel lei av poteter". Var svaret ho fekk av doktor Haavik.  

Nytt sjukehus og sjukeheim

Det hadde lenge vore planar om bygging av eit nytt sjukehus. Behovet var stort. I 1950 hadde sjukehuset vore utvida med ei tidlegare anleggsbrakke frå Skjeggedal - Nordagbrakka. Denne vart ominnreia og gav sjukehuset ytterlegare 15 sengeplassar. Brakka inneheldt også laboratorium og andre servicerom.

Planane med eit nytt sjukehus tok konkret til hausten 1948. Byggearbeidet vart sett i gong i desember 1953. Det nye Indre Hardanger Sjukehus stod ferdig 26. januar 1957.

Spesialist i kirurgi Bernt Chr. Brynjulfsen var adm. overlege, i tillegg vart det tilsett ein spesialist i indremedisin, ein røntgenoverlege og ein reservelege. I 1959 tok Hordaland fylke over eigarskapet og driftsansvaret for sjukehuset.

Odda sjukehus hadde no 100 senger fordelt på tre etasjar. 50 senger til medisinske pasientar, 50 senger til kirurgiske- og fødepasientar.

I åra 1976-77 vart sjukehuset opprusta, samstundes med bygginga av den nye sjukeheimen, som starta i mai 1976. Talet på senger vart redusert frå 100 til 78, men frå 1977 vart også sengeposter på sjukeheimen nytta.

Det gamle sjukehuset vart sjukeheim fram til den nye stod ferdig i november 1977. Overflyttinga frå den gamle sjukeheimen gjekk gradvis til denne vart riven i 1979. Den nye sjukeheimen hadde 72 senger, 36 av dei vart nytta av sjukehuset.

Bygginga av Odda sjukeheim i 1976. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Kjelder:

Hordaland Fylkeskommune hefte: Fylkessjukehuset i Odda 75 år

Olav Kolltveit: Det nye Odda

Eva Røyrane: Fabrikkbyane i Hardanger

Artiklar i Haugesunds Avis og

Hardanger Folkeblad

Share to