Familien Brita og Ola Skjeldås med tre barn.
Familien Brita og Ola Skjeldås med tre barn. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Underet i Tyssedal og hjelp av kongen

Det var april i 1913, og Ola Skjeldås hadde nett vore heima til middag hos kona Brita i det nye huset i Bakken i Tyssedal. Saman med dei var mor til Ola, og borna Ingebjørg, Klara og Olav. Brita hadde nett lagt veslejenta i senga si, og Ola gått attende til arbeidet med brønnen til Kristen Tyssedal, då ei skypumpa traff huset, løfta det opp frå tomta og kasta det utføre kanten med alle personane inni.

Huset vart knust til pinneved.

Fam. Skjeldås ved huset sitt i Tyssedal. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Samstundes hadde to menn kome alvorleg til skade under byggjearbeid på legeringsverket då taket der vart rive av av den lokale og særs sterke stormen. Ein av arbeidarane døydde på veg til sjukehuset i Bergen av skadene. I tillegg vart mange bygg i Tyssedal øydelagde.

Ola hadde sett dei sterke vindflogene på fjorden, og vore redd for at noko kunne henda med huset. Då stormen auka på, byrja han gå heim att. Det laga seg ei skypumpe som drog vatnet opp or elva, og no var den på veg mot huset hans.

Ikkje lenge etter høyrde han eit brak, og tenkte at der gjekk huset mitt. Ola sette på sprang, og då han kom ned til huset låg alt i ei røys. Vindråsa hadde lausna huset frå golvet, vridd det rundt og kvelva det ned over steinane. Så hadde vinden teke golvet og sett det på ende og lagt det oppå røysa.

"Eg var viss på at ingen var i live" fortel Ola.

Senga som yngstedotter Ingebjørg hadde låge i var knust i småbitar. Ola sprang til, og der låg Ingebjørg lika heil! Ho la hendene øve andletet og gnei seg i augena - ho hadde nett vakna. Dei andre var og heile, hadde berre nokre små skrammer.

Treåringen Olav var først sakna, og undringa var stor då guten vart funnen i ei steinrøys 70 meter frå huset, heilt uskadd.

Bustadhuset til Skjeldås bles ned i 1913. I bakgrunnen kraftstasjonen Tysso I. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Avisene skriv

"Skjeldås si mor, kona og dei tri borni, som var med på den fårlege Luftferdi, er no tålegt bra att. Det var eit under at dei alle fem slapp frå det med livet".

"Huset stod i ein bratt skråning. Det vart letta rett opp av stormen og golvet vart skilt frå den andre delen. Dei som var inni det fylgte golvet, og det kom nedpå att med kanten og kvelvde seg nedover. Ein stor stein tok så mot golvet, og folkjet vart liggjande i ei dokk i livd av steinen og vart berga".

"Ingeniørane fortenar lovord for dei var so raske å hjelpa då det mest røynte".

Hjelp frå høgt hold

Det vart straks sett i gong ei innsamlingsaksjon til familien, der avisa Hordalands Folkeblad skreiv ei sterk oppmoding om å støtta aksjonen, og kunne opplysa om at sjølvaste Kong Haakon hadde gjeve kr. 100 til Skjeldås-familien.

Innsamling av pengar til den skadelidne Ola Skjeldaas. Kong Haakon hev gjennom lensmannen i Ullensvang gjeve kr. 100 til Ola Skjeldaas, som miste huset sitt i den fæle stormen den 16. d.m. Det er gledelegt å sjå at Kongen kjem ein arbeidsmann ihug når ulukka bankar på. Det er mykje kor hjelpsame folket er mot den skadelidne. Her i Tyssedal er no innkome umlag kr. 700. I Odda er og lister utlagt, so det er von at det vert ein bra hjelpestilling for Skjeldaas til å få uppatt hus for. Tungt er det for ein arbeidsmann å verta fråteken alt som han har slite og streva saman i ein augnablink, og han stend naken som naali. Alt som mannen hadde spara saman var lagt i huset, og no åtte han det. Men so er det stormen med si kalde hand kjem og knasar det heile so smått at ingenting kan brukast meir til hus. Skaden kan vølast - kom og ver med og hjelp mannen so han kan få seg hus att utan å verta altfor mykje gjeldbunden.

Ola Skjeldaas hadde assurert huset sitt i "Ullensvangs Brandassuranse". Me er ikkje enno kome so langt at assuransen hev plikt på seg i slike høve. Men var det ikkje høvelegt at Ullensvang Brandassuranse hjelpte til med nokon kronor i eit høve som det her? Kongen hev vist oss eit godt fyredøme. Det er mogelegt at kongen kjem til Hardanger i sumar, og då vitjar han Tyssedal og. Lat so då huset stå ferdig, det vil virka betre enn mange velvalde ord.

Kom mange endå og hjelp, og dei små borni vil eingong kjenna sterkare band knytte til si heimbygd, just fordi at so mange var med og hjelpte far og mor då det mest trongst.

"Ola i Bakken"

Ola Skjeldås var født i Skjeldås i 1874. Foreldra var fattige, og etter kvart reiste fire av syskjena til Amerika. Ola ville vera med då broren Helge reiste, men det fekk han ikkje. Då gjekk han ut i skogen og gråt. Likevel angra han aldri på at han vart verande i Norge. Han reiste til Herand der han gjekk i båtbyggjarlære før han flytta til Tyssedal i 1902. Her treffte han Brita som han gifte seg med. Dei busette seg i Tyssedal, og fekk etter kvart fem born. Først kjøpte Ola eit par hus av Jakob Naustbakken, der han tok til med båtbygging og verkstad.

Då framande kom med måleinstrumenter og planar i 1906, kom det bod om at husa måtte rivast og dei flytta ut. Ola fekk kr. 200 for husa, og Kristen Tyssedal lova han ei ny tomt.

Ola valde å byggja i "Bakken", med godt utsyn til sjøen. Etter at han hadde bygd opp huset sitt på nytt, fekk Ola seg arbeid på Nitriden, då fabrikken starta opp i 1916. Skjeldås-familien dreiv også ein liten kafé i kjellaren på huset.

I nyare tid var huset staden for innspillinga av ein TV-serie.

Ola Skjeldås vart gjerne kalla "Ola-i-Bakken" og vart 99 år gamal.

Kjelder

Halldor O. Opedal i bladet Hardanger, årg. 1978

Lokalavisa Hardanger 17. april 1913. (Hardanger Folkeblad 1963)

Diverse aviser i Norge og norske aviser i Amerika

Share to