I 1854 tok pariserfotografen André Adolphe Disdéri patent på oppfinninga der han kunne dele glasplata inn i fleire delar, så han kunne få fleire eksponeringar av motivet på same plate. Då blei det mogleg å framkalle fleire eksemplar av motivet til same pris som eitt eksemplar.
Tidlegare hadde portrettmålarar hatt oppgåven med å lage portrett, og då var det dei høgare sosiale laga som hadde pengar å bruke på det. Då visittkort-fotografiet blei oppfunne, blei også portrett tilgjengeleg for dei som ikke hadde mykje pengar. Samtidig gjorde dette at portrettmålarane fekk friare tøyler. Dei målte portretta blei då etter kvart mer eksperimenterande og ekspresjonistiske, mens visittkort-fotoa utvikla seg til å bli enda meir nøkterne enn maleria dei var inspirerte av i starten.
Visittkort-fotografia begynte som heilfigur i "miljø" med møbler og tepper, og dei avbilda så ut som at dei – nettopp – kom på visitt. Visittkortet var jo opphavleg meint som ein slags identifikasjon som fintfolk viste når dei kom på visitt til kvarandre. Etter kvart utvikla dei seg til å fokusere meir og meir på andletet til den avbilda, og med færre eller ingen rekvisittar. Dei fleste i dette albumet er nærbilde utan rekvisittar.
Folk begynte å samle visittkorta i slike spesialalbum - visittkortalbum - og ein kan nærmast kalle det dåtidas Facebook.
Eitt av visittkorta i albumet skil seg litt frå resten av bilda. Dette bildet viser tre kvinner ved eit lite bord med nokre papir på – to av dei sit bak bordet, og ei av dei står. Ifølge opplysningar som fulgte albumet ser vi frå venstre: Elisa Hognestad (gift Andersen), Elen T. Haaland og Anna Hognestad (Egholm). Kvifor tok dei bildet saman? Dei er nok sysken eller vener, men symboliserar papira på bordet noko spesielt om deira forhold til kvarandre? Var dei kanskje stiftarar / styre i ei lokal foreining eller liknande? Ta gjerne kontakt med museet viss du har meir informasjon om dette.
Sigrid Lien og Peter Larsen. 2007. Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering. Oslo: Samlaget. Sjå særleg side 45–49, som også er brukt som kjelde til historiske fakta om visittkortet i si samtid i denne artikkelen.
Roger Erlandsen. 2000. Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet! Oslo: Forlaget Inter-View og Norges Fotografforbund. Sjå særleg side 98–123 om visittkort og visittkortalbumet.
Lisabet Risa. 2011. Fotografihistoria – sett frå Rogaland. Stavanger: Wigestrand.
Anja Hysvær Langgåt og Ida Tolgensbakk Vedeld. 2023. "Dagliglivets fotografiske praksiser". By og bygd nr. 50.
Klikk på namna, så kjem du til meir informasjon.
Hakon Johannessen
Andre Sahlman Hanssen
Børre Mathias Norland
Greve & Norland
Jan Greve & Co.
Henrik Wiig
Erik Jensen
Bertinius Jensen
Forsberg jr., Kristiansand
Jacob T. Øglænd
Rasmus P. Thu
Carl Kørner
Tjærand Knudsen
Olaf Herseth
Pauline Wiig
Carl Johan Jacobsen
Fotograffirmaet Jacobsen, der både Carl Johan, Carl Lauritz, Hannchen og August Julius Jacobsen var fotografer.
Lars Anda
Hans P. Thykier
Johannes Petter Lindegaard
Waldemar Eide
Friedrich Scheel
Else Petersen, Tórshavn - artikkel i den færøyske dagsavisen Sosialurin
H. Wittrock, Hamburg - omtale i Genealogy-wiki
Anna Halling, Mandal
Carl Johan Gustav Jensen, Mandal
Mauritz Edlund, Stockholm