Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Gjesdal, Hå, Klepp, Randaberg, Sandnes, Sola og Time, og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet samlar gjenstander, fotografi, intervju og arkivmateriale som dokumenterer regionen si historie, blant anna gjennom samtidsdokumentasjon. Museet legg vekt på både by- og bygdehistorie i Sandnes og resten av Jæren. Me har serleg vekt på det mekaniserte jordbruket og regional industri, både eldre og nyare.

Om Jærmuseet

Natur, næringsgrunnlag og kultur i Jærregionen byr på variasjonar og kontrastar mellom hav og hei, mellom by og bygd, mellom det rurale og urbane. Jordbruk og industri har vore berebjelkane i nyare tid. Samspelet mellom desse næringane har vore ei drivkraft i den økonomiske og kulturelle utviklinga og forma førestillinga om «den driftige jærbuen».

Og utanfor i vest, bryt storhavet mot farefulle strender. Trass dramatiske forlis skapte ressursane i havet vekstgrunnlag for heile regionen, og havet og leia var den sentrale ferdselsvegen for varer til og frå. Seinare kunne jærbuen dra ut i verda frå Norges første sivile flyplass, som samtidig var, og er, ein viktig militærstrategisk base i forsvaret av Norge. Gjennom Arne Garborg sitt forfattarskap er dette landskapet, kulturen og folket med sine voner og draumer løfta til ein plass i verdslitteraturen.

Då Jærmuseet blei stifta i 1985, overtok museet landsbrukssamlinga til Høyland Bygdemuseum. I dag er også samlingane til Sandnesmuseet, Jonas Øglænds Bedriftsmuseum, Krossens Havremølle, Hå Bygdemuseum, Gjesdal Bygdemuseum, Klepp Bygdemuseum, Randaberg Bygdemuseum, Tungenes Fyr, avd. av Kystverkmusea og Nasjonalt Garborgsenter del av Jærmuseet.

Samlingene frå alle desse blir lagt ut på DigitaltMuseum.

Visit us

Share to