Skulebilde frå Bryne, 1933, fjorten elever, både jenter og gutar. Dei tre lengst til høgre på bakerste rekke har studenterhuer på seg.
Skulebilde frå Bryne, 1933, fjorten elever, både jenter og gutar. Dei tre lengst til høgre på bakerste rekke har studenterhuer på seg. Jærmuseet Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Anders Ljono – lærar og motstandsmann

I 2023 fekk Jærmuseet i gåve fem små svart/kvitt-foto frå dottera til ein mann med namn Anders Ljono. Ho opplyste at han hadde vore lærarvikar på Jæren for hundre år sidan, og at han seinare blei lektor i Tønsberg og rektor på Stabekk kommunale høgre almenskole i Bærum (i dag: Stabekk videregående skole). Fotoa viste han med ulike skuleklassar han hadde vore lærar for på framhaldsskolar på Nærbø og Bryne. Museet set pris på om nokon kan gje oss namn på elevane vi ser på fotoa.

Skulebilde frå Bryne, 1933, med 16 elevar, både jenter og gutar. Nummer to frå høgre i rekka bak er lektor Anders Ljono. Jærmuseet Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Skulebilde frå Bryne, 1933, med sju elevar, berre gutar. Til høgre bak står lektor Anders Ljono. Jærmuseet Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Skulebilde frå Bryne 1933, med 12 elever, jenter og gutar. Nummer tre frå venstre er lektor Anders Ljono. Jærmuseet Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Skulebilde frå Nærbø framhaldsskule, med 23 elevar, både jenter og gutar. I midten føre står lærar Anders Ljono. Jærmuseet Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Anders Ljono sin historie

Dottera opplyste også at han hadde levd frå 1901 til 1979, men vi ville gjerne finne ut meir om den unge mannen vi ser på fotoa. Folketeljinga for 1920 fortelte at han var fødd i Ulvik i Hardanger. Eit kjapt internettsøk viste allereie i første treff at han hadde vore motstandsmann under andre verdskrigen, og blei arrestert på grunn av dette. På side 451 i boka Nordmenn i fangenskap 1940–1945 står det nøkternt:

Ljono, Anders, lektor, Tønsberg, Vestf., f. 12-10-01. Arr. 20-03-42, ovf. Kirkenes, løsl. 20-11-42.

Omtrent det same, men meir i klårtekst, kan vi lese på nettsida fanger.no. Ljono blei altså arrestert 20. mars 1942. Nettsida fortel at arrestasjonen var i samband med det som blei kalla læraraksjonen, der 1100 mannlege lærarar blei arresterte. 641 av dei blei sendt på tvangsarbeid i Kirkenes i Finnmark, der dei blei sett til vegbygging. Kva dato Ljono blei overført til Kirkenes er ikkje kjent, men det er registrert at han blei sett fri 20. november 1942.

Læraraksjonen innebar at lærarar motsette seg Nasjonal Samling sine forsøk på å nazifisere skolen, blant anna med å boikotte informasjonsmøte og å unndra seg tillitsverv i det nye systemet. Og då fagforeiningane blei overtatt av okkupasjonsmakta i 1941, meldte lærarane seg ut i tusental. I februar 1942 blei alle lærarar forplikta til medlemskap i det nyoppretta Norges Lærersamband. 12 000 av dei 14 000 lærarane i Norge deltok i ein protest som fastslo at dette var i strid med samvit og tilsettingsvilkår som lærar. Denne motstanden førte til arrestasjonane 20. mars 1942.

Ein illegal lærarorganisasjon oppfordra til å ikkje tre inn i stillingane til dei arresterte, og dette førte til stor lærarmangel som departementet ikkje kunne leve med. Nokre av dei arresterte lærarane vendte tilbake til stillingane sine i løpet av våren 1942, men NS og Quisling fekk aldri det grepet dei ønska om skolane. Dei fleste lærarane blei likevel verande i fangenskap i Kirkenes til hausten 1942. Etter krigen samla dei inn pengar til å reise eit nytt bibliotek i den krigsherja staden. På det nye Sør-Varanger bibliotek sette dei opp ein minneplakett med følgande tekst:

REIST AV NORSKE LÆRERE SOM TAKK FOR ALL HJELP FOLKET I SØRVARANGER GA 636 LÆRERE I TYSK FANGENSKAP 28.4.-4.11.1942


Kjelder og vidare lesing

Anders Ljono på nettsida Fanger.no

Birte Simonsen. 2022. Læreraksjonen 1942 er stadig aktuell. Fædrelandsvennen, 2. mai 2022

Folketeljinga 1920 på Digitalarkivet.

Hagen, Thomas V.H. og Inger Fagerberg. u.å. Læreraksjonen i 1942. Fanger.no

Kirkeneslærerne. 70-årsmarkering med foredrag og utstilling på Sør-Varanger bibliotek. Sør-Varanger kommune, 2012.

Ottosen, Kristian. 1995. Nordmenn i fangenskap 1940–1945. 2. utg. Oslo: Universitetsforlaget.

Stabekk videregående skole, Wikipedia.

Aartun, Leiv Brynjulv og Sigurd Aartun. 2003. Motstandskampen i skolene 1940–1942. Lærerstriden mot nazifiseringen. Oslo: Orion.

Share to