Gunnhild har levert 900 VHS kassettar til museet
Gunnhild har levert 900 VHS kassettar til museet Halvor Ulvenes

Gunhild og Birger Kinck samlinga

Gunhild Kinck (1926-2018)

Gunhild gjorde film- og videoopptak frå 1970-talet fram til 2010.

Birger (1919-1999) og Gunhild var eit godt lag der Birger ordna med lyd på mange arrangement og Gunhild gjorde opptak. På Dyrsku’n og Seljordspelet gjorde dei opptak i årevis. Utallige er dei konfirmasjonar og 17. mai arrangement som Gunhild og Birger filma slik at det er bevart for ettertida.

Større hendingar og ulike arrangement i regi av frivillige organisasjonar er det gjort opptak frå. Gunhild gjorde også intervju med personar som i dag er viktig dokumentasjon av nyare historie. Eit eksempel er Ragnhild Lia som var med dyr på Gavlesjåstulen mange somrar. Gunhild besøkte ho mange gonger og gjorde opptak av arbeidet på stulen.

Gunhild gav samlinga si til Bø Museum 1. februar 2018

Det er nå digitalisert 900 VHS kassettar og innhaldet på kassettane er registrert.

Dette ligg nå i ein database.

Vi har mange klipp frå samlinga som har blitt vist på forskjellige møte som nå etter kvart blir lagt ut på Digitalt Museum.

I artiklar ligge det videoar frå samlinga som er knytt til tema.

Videoar frå samlinga

Jenta på Brukåsmogan
BØBV.2022:0001
Torvald Høydal lagging

Order this image

Share to