Ottilie Thorsen (f. Slåttelid)
Ottilie Thorsen (f. Slåttelid) C.von Hanno, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Ottilie Thorsen (1897 -1974)

Kommunist med stort samfunnsengasjement - hugsa som ein energisk og respektert politikar i Odda kommune.

Som dotter av Cecilie og Ole Slåttelid var ho nær sagt født inn i politikken, men ho sto fjellstøtt på eigne bein og sto svært lenge i den politiske kampen. Ottilie var med i kommunestyret frå 1932. Ho hadde organisasjonstalent, kunne prioritera og sparte seg ikkje. Ho blei sjeldan sint, men gjerne engasjert og opprørt. Ho gjekk stolt under vaiande raude flagg og var tydeleg i sakene ho brann for.

Ottilie var fokusert på resultat og tok på seg verv og ansvar frå ho var heilt ung. Som barn var ho aktiv i Socialistisk barnelag eller Socialistisk søndagsskole som var stifta 1910. Frå 1913 var ho medlem i Odda Socialdemokratiske Ungdomslag. Frå 1923 var ho kommunist. Ho tok tidleg på seg ansvar og følgde godt opp.

Ottilie sitt politiske hjartebarn var eldreomsorg. Gamleheimen i Vasstun (no Vasstun Gjestehus/Hotel) var ny i 1928. Ottilie var i styret frå 1932 og styreleiar i 21 år. Men ein god skule var like viktig. "Barnene er vår viktigste framtidsressurs" sa Ottile. Målet var at Odda skulle ha dei beste lærarane og forholda. Ho var aktiv i skulestyret frå 1933 og styreleiar frå 1950 - 57, i alt 24 år. Ho var opptatt av sosial omsorg og også i forsorgsstyret (sosialstyret), forsyningsnemnda og ei rekke andre kommunale nemnder, styre og utval. Få om nokon andre kvinner hadde så mange politiske verv som Ottilie. I tillegg var ho med i Odda Husmorlag som mor hennar var med og stifta i 1924. Husmorlaget var eit viktig nettverk.

I 1932 arbeidde Ottilie saman med ni kvinner frå tre ulike organisasjonar for å etablera eit kontor som skulle gje komande mødre kunnskap om hygiene, prevensjon og barnestell. "Sunnhet" var eit ideal i tida. Folk skulle få kunnskap og hjelp slik at dei ikkje fekk fleire born enn dei ønska seg og slapp å ta abort på ein illegal eller farleg måte. Ottilie var ein av Odda husmorlag sine tre representantar.

Ottilie Thorsen hadde evne og vilje til konkret politisk handling. Ho hadde og mot til å trossa eigne partifeller og partipisken, når ho fann det rett. Dette tok ho på alvor. Men det kunne og bli litt morosamt. Det blir fortalt at då ho var leiar i skulestyret på 1950-talet, starta ho alle møte med ein song. Den dagen dei skulle drøfta seksualundervisning for 7. klasse, føreslo ho songen "Brøyte seg rydning i svarteste skog". Kanskje var det tilfeldig, eller spela ho på ironien? Det letta i alle fall stemninga i skulestyret.

Familiesituasjon

Foreldra til Ottilie - Ole og Cecilie Slåttelid - var mellom dei fremste politiske pionérane i Odda. Ho lærte tidleg at livet og ansvaret strekker seg utanfor den nære familien. Ho var født i Os og budde så i Bergen. Faren kom til Odda med firmaet Ing. Algaard & Stoltz i 1906 for å byggja kai til smelteverket ved elveosen. Han lika seg så godt at han fekk seg arbeid på karbidfabrikken og fekk familien hit. Ottilie var ei skjelmsk og utadvendt "bergens-småtøs" då ho kom til Odda 10 år gammal og ho heldt på litt av bergensdialekten heile livet. Ho gifta seg med Paul Thorsen (1893 - 1974) frå Askøy. Paul var tilsett på Odda Smelteverk og svært engasjert i Odda Mannskor. Dei budde i arbeidarbydelen Krenken og fekk borna Olaug og Thor som begge tok namnet Espelid etter garden på Askøy.

Ottilie var ei omsorgsfull mor og seinare bestemor. Heimen var open for mange både i jula og andre dagar. Familen var prega av song, musikk og politisk engasjement. Ho song lange skillingsviser om "krig og nød, sorg og savn", dansa lystig både til polka og reinlender og song arbeidarsongane med stor respekt og innleving. Verdskrigen ramma familien hardt, ho misste son, bror, nevø og svoger. Men ho gjekk vidare med klare mål for eit betre samfunn. Den siste tida budde ho sjølv på Gamleheimen i Vasstun.

Kjelder

Bente Hjørnevik Nøstdal: Om Ottilie Thorsen, min mormor. I Odda i manns minne, nr 11, 2002.

Hilde Danielsen: Dei moderne kvinnene i Odda. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum/Kraftmuseet, 2000.

Order this image

Share to