Hus tippa over og øydelagt etter flaum på Egne Hjem i 1962.
Hus tippa over og øydelagt etter flaum på Egne Hjem i 1962. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Den store flaumen i 1962

Etter to år med lite nedbør, vassmangel, tomme magasin ved kraftverket og mangel på kraft til industrien, kom plutseleg "syndfloden" den 18. oktober 1962.

Hausten var komen og det hadde vore kaldt og kome snø på fjellet. Brått slo det om til mildver og kraftig regn, nær skybrott. I tillegg smelta snøen. Dei store vassmengdene fylte opp bekke- og elvefar på få timar og situasjonen var dramatisk.

Verst skade gjorde Sansarbekken og Tokheimselva.

På Egne Hjem var det svært dramatisk. Tokheimselva grov laus og fylte opp enorme steinmassar. Elva gjekk gjennom bustadfeltet og vatnet rann gjennom hus og ut av vindaugo. Mange hus blei øydelagde og det vesle meieriutsalet begravd av steinmassane.

Også Freimselva gjekk over sine breidder, som så mange gonger tidlegare. Her var det gjort omfattande tiltak for elveforbygning etter flaumen i 1938, men det viste seg å ikkje vera sterkt nok.

På Bygdarbøen ved Odda Folkebadet i sentrum, samla vatnet seg i ein stor dam i Røldalsvegen som er hovudvegen gjennom Odda .

Sansarbekken som kjem ned til Eide på vestsida av Odda, var nokre år tidlegare lagt i kunstig kanal forbi stadion til Sandvinsvatnet. Det fylte seg opp med vatn og greiner i kanalen, vassmengdene blei for store og bekken fann tilbake til sin naturlege veg ned Tjoadalen. I tillegg fløymde det ned Eidesbrotet til Eidesdalen. Eit bustadhus blei totalskadd, og det gjekk hardt ut over hagar og vegar. Tjoadalen var nyasfaltert, men blei fullstendig rasert.

Born i Odda skriv om flaumen

Klasse 6A ved Odda barneskule laga ei elevoppgåve om haustflaumen i 1962. Oppgåva fekk tittelen Flomkatastrofen i Odda. Lærar Kristin Digranes tok vare på heftet. 44 år seinare, - etter ein temakveld om vatn og flaumbilete i fotoarkivet, tok ho fram heftet og gav det til Kraftmuseet.

Flaumen sette mange spor - ikkje berre fysiske. Elevane i 6A snakka om den dramatiske flaumen på skulen og kvar elev skreiv om sine opplevingar. Alt blei samla til ei oppgåve som blei illustrert med foto frå avisklipp.

Etter den store flaumen i 2014 gjorde elevar frå barneskulen det same.

Share to