Skilt over byvandringa
Skilt over byvandringa Anne Gravdal, Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Min vesle by - ei digital byvandring

Min vesle by er ei kulturminneløype i Odda sentrum med vekt på arkitekturhistorie og byutvikling. Du kan sjå alle dei 23 stoppestadane her på digitaltmuseum, du finn ei liste nedst i artikkelen. Du kan også ta vandringa fysisk.

Nest etter Bergen er Odda den mest bymessige staden i Hordaland. Odda har særpreg, og arkitekturen frå byrjinga av 1900-talet har kvalitetar på line med Bergen og Oslo, har fagfolk sagt. Denne kulturminneløypa viser deg bygningar og kulturminne i sentrum. Ruta er lagt opp frå Smelteverksporten, gjennom Folgefonngata og Skulegata, ned Skuletrappa via Brotateigen, Torget og Almerkeparken og opp gjennom Gågata og tilbake til Smelteverksporten.

I Odda sentrum kan du også gå kulturløypa Bikubegang der forfattaren Frode Grytten tek deg med til 24 stopp i sitt «univers». Det er sett opp 24 skilt på hus eller stader i Odda og det er laga eiga bok med kart; Bikubegang (utg. av Odda kommune, 2005 og til sals eller utlån på Tenestetorget/Odda bibliotek og på museet i Tyssedal).

Bikubegang er både eit litterært kart over Odda og historia over korleis suksessromanen Bikubesong vart til. Frode Grytten gav ut boka på Samlaget første gong i 1999. Seinare har teaterstykket Bikubesong hatt stor suksess.

Den digitale kulturminneløypa går for ein stor del i same område som Bikubegang. Tittelen på den digitale løypa har vi lånt frå Frode Grytten og Bikubesong. I kapittelet «Å kaste hattar opp i lufta», tar forteljaren oss med opp på taket av det store bustadhuset Murboligen som ligg langs Folgefonngata. Vi siterer:

Eg sit på taket og kjenner Murboligen leve under meg. Kvardagens akkordar svever ut vindauga. Kjørel, popsongar, fjernsynsapparat, krangling, stemmer. Det er ein ny dag, ein ny song, ein bikubesong. Alt er så nær at eg kan ta på det. Eg kan plukke ned flya frå himmelen, kaste sola opp i lufta, trille terningar med husa. Min vesle by, min vesle by.

Frode Grytten

Frode Grytten ved Murboligen på sin Bikubegang Dag Endre Opedal, Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Stoppestadane på byvandringa

Order this image

Share to